Årsoppsummering 2021

Året som har gått

Som i 2020, har store delar av 2021 vore prega av koronapandemien, som snudde opp ned på arbeidskvardagen vi var vande til. Kontoret flytta inn i heimane til folk, og dei som må stille fysisk på arbeidsplassen har jobba under strenge restriksjonar. Vi fekk berre ei smaksprøve på ein normalisert kvardag, før krav om heimekontor og sosial distansering var tilbake. Det har gitt oss mange utfordringar, men òg fleire moglegheiter.

Vi lært oss å jobbe og samarbeide på nye måtar, og dra nytte av fordelane med digitalt nærvære. Den geografiske avstanden i regionen og landet er ikkje lenger eit hinder. No kan folk ta del i styringsgruppemøte, faggruppemøte og andre møtepunkt, utan å måtte bruke store delar av arbeidsdagen på reisefot. Det har vore ein stor fordel i arbeidet med å femne om heile Vestland fylke. I 2022 håpar vi likevel på å kunne dra nytte av det beste frå både det gamle og det nye.

Visjonen til Digi Vestland handlar om å skape og gi tilgang på gode, likeverdige og berekraftige tenester, uavhengig av kvar folk bur. Ved å gå saman i eit digitaliseringssamarbeid, skal vi bidra til effektiv digitalisering i kommunane. Det betyr at kommunane skal kunne handtere og dra nytte av den digitale utviklinga. Vi skal tilpasse dei nye løysingane i fellesskap, og ta dei raskt og effektivt i bruk. Det er dette vi til ei kvar tid jobbar for og strekk oss etter i Digi Vestland.

Faggruppene, tenestenettverka og dei nasjonale og regionale prosjekta står heilt sentralt i realiseringa av måla i Digi Vestland. Det er no sju aktive faggrupper i samarbeidet. Gjennom det å være til stades og delta aktivt i desse, realiserer vi nye løysingar og byggjer felles kompetanse som kjem alle kommunane til gode. Samtidig jobbar Digitaliseringsutvalet Vestland (tidlegare Ressursgruppa) både operativt og overordna, og bidreg til å avdekkje behov og koordinere innsatsen mellom kommunane. Aktiviteten i Digitaliseringsutvalet har auka betrakteleg i året som har gått.

I 2020 gjorde Landstinget i KS eit vedtak om å ta sterkare grep om digitaliseringa i kommunal sektor. I 2021 har KS komme langt i arbeidet med å operasjonalisere vedtaket. Ein viktig del av innsatsen har handla om å støtte etableringa av nye digitaliseringsnettverk, som no finst i alle fylka i landet. Nettverka deltek jamleg på fellesarenaer i regi av KS, der dei supplerer samstyringsstrukturen i KS og verkar som eit bindeledd ut mot kommunane. Det gir oss ei meir koordinert og forankra tilnærming til felles prosjekt, initiativ og løysingar enn nokon gong før. Mot slutten av året har vi òg sett at digitaliseringsnettverka stadig oftare utvekslar erfaringar og tek del i kvarandre sine prosjekt.

Digi Vestland byggjer opp om og er svært delaktig i KS sine samarbeidsstrukturar for digitalisering i kommunane. Vi er representerte i alle delane av samstyringsstrukturen, inkludert KommIT-rådet, Digitaliseringsutvalet og dei tre fagråda. KS jobbar samtidig med opprettinga av eit fagråd for skule og oppvekst samt eit fagråd for plan, bygg, og geodata. Vi legg til grunn at Digi Vestland blir godt representert i begge fagråda – noko som vil gi kommunane i Vestland ein unik moglegheit til å påverke og dra nytte av dei nasjonale satsingane.

Ulike fellesløysingar frå statlege og kommunale aktørar er viktige byggjeklossar for framtida. Digi Vestland har derfor ambisjon om å auke nærværet på og deltakinga i nasjonale arenaer og prosjekt i 2022. Samtidig skal vi forsterke den regionale innsatsen, og bidra til at kommunane i Vestland tek løysingane i bruk, slik vi blant anna gjer med satsinga på Fiks-plattform og Min side frå KS. Digi Vestland har derfor hatt ein moderat auke av bemanninga i 2021, som vil halde fram i 2022.

Digitaliseirng og berekraft

Vår visjon er å jobbe for gode, likeverdige og berekraftige tenester. Vi vil at folk skal ha tilgang til gode og likeverdige tenester uavhengig av kva for kommune dei bur i. Tenestene må òg vere berekraftige med tanke på både økonomi, miljø og tilgjengeleg arbeidskraft. Med auka fokus på berekraft i samfunnet, ønskjer vi å setje meir fokus på korleis vårt arbeid bidrar til FN sine berekraftsmål. Berekraftomgrepet er lite brukt i dagens faggrupper og rapportering. Dette ønskjer vi å gjere noko med sidan berekraft er ein sentral del av vår visjon. Vi ønskjer å gje berekraft eit reel innhald i Digi Vestland. Med ressursoptimalisering, auka tilgang på kompetanse og effektivisering av tenestetilbod i kommunane gjennom digitalisering bidrar vi positivt til innbyggjarane og lokalsamfunn. I 2022 vil vi i aukande grad sikre at berekraft inkluderast i arbeidet og reduserer samfunnet sine sosiale, økonomiske og miljømessige utfordringar.

Årsoppsummering frå faggrupper

Prosjekt og initiativ

Digi Vestland har jobba med ei rekkje regionale prosjekt og initiativ i 2021. Under ser du ei oversikt over prosjekta og initiativa, du kan sjå ei fullstendig oversikt her. Trykk på kvart bilete for å lese meir og sjå status.

Sist oppdatert: 16. februar 2022