Felles søknad om skjønnsmiddel

Framside / Aktuelt / Felles søknad om skjønnsmiddel

Etter fire år med vesentlege bidrag til grunnfinansieringa av digitaliseringssamarbeidet er tida kome for at kommunane tek over det økonomiske hovudansvaret. Dette har òg vore ein vesentleg årsak til eit forsterka arbeid med forankring og langsiktig finansieringsmodell gjennom 2020.

Eit av hovudformåla med skjønnsmiddeltilskota er å bidra til fornying og utvikling av kommunane. Sett i lys av dette er det grunnlag for at kommunane som samarbeider gjennom Digi Vestland søkjer skjønnsmiddel i 2021. Styringsgruppa anbefaler at det fremmast søknader knytt til:

  • Digitalisering av plan-, bygg- og geodataområde - felles løft på kompetanse, erfaringar og system

  • Datasikkerheit og beredskap - eit felles tiltak som gjennom ei kartlegging klargjer sikkerheitsbiletet i regionen, område som bør prioriterast for felles innsats og iverksetting av desse

  • Grunnfinansiering for innfasing av kommunar frå Sogn og Fjordane i Digi Vestland

  • Innføring av Digi Helsestasjon - utvida utprøving og regional innføring

  • Datasjø - forprosjekt felles data- og analyseplattform for kommunane i Vestland, koplast til arbeid i regi av storbynettverk og Digders verktøykasse for deling av data

  • Aksjon - vidareføring av regional koordinator

  • DigiBarnevern - fellesprosjekt på barnevernområde (starta med bekymringsmeldingar), førebu og leggje til rette for felles anskaffing av nytt fagsystem

  • Pasientanes legemiddelliste - førebu og gjennomføre avgrensa utprøving av løysing og erfaringsoverføring til kommunar i Vestland

Sist oppdatert: 14. oktober 2021