Følg den politiske markeringa av Digi Vestland på nett 1. september

Framside / Aktuelt / Politisk markering av Digi Vestland

Digitaliseringsbyråd Erlend Horn i Bergen kommune har invitert ordførarane i Vestland til ein felles digital markering av Digi Vestland 1. september 2021 kl. 13.30. Følg sendinga her eller lenger ned på sida

I invitasjonen står det blant anna:

Det er gledeleg å registrere at nesten alle kommunestyrane i Vestland har behandla og vedtatt sak om deltaking i Digi Vestland. Dette gir oss kommunar i Vestland moglegheita til å bli ein sterk og sentral aktør i det vidare arbeidet med å digitalisere kommunesektoren, våre enkelte kommunar og dei kommunale tenestene til innbyggjarane og næringslivet. Kommunesektoren er i tidleg fase av vår digitale transformasjon. Det ligg mange moglegheiter og forventningar føre oss. Regionale digitaliseringsnettverk som Digi Vestland er viktige verkemiddel for digitaliseringa av kommunane som deltar i samarbeidet, men òg viktig for at KS skal kunne levere på mandatet dei fekk frå kommunane på landstinget i 2020 knytt til digitalisering av kommunesektoren. Dei regionale samarbeida, saman med KS, er vesentlege for å lykkast med regjeringa og KS sin felles digitaliseringsstrategi – «En digital offentlig sektor».

For å markere at Digi Vestland no omfattar kommunane i heile fylket, med Bergen kommune som vertskap, er det ein glede for Digitaliseringsbyråden i Bergen å invitere til ein politisk digital samling for å utgreie og diskutere kor vi er no og vegen vidare.

På programmet 1. september får vi blant anna høyre:

  • Digitaliseringsbyråd i Bergen – Erlend Horn

  • Styreleiar i KS – Bjørn Arild Gram

  • Kommunal og moderniseringsdepartementet

  • Status i samarbeidet og fokus i neste fase

  • Debatt/diskusjon med overskrifta «vi må sikre god politisk forankring av den digitale transformasjonen av kommunesektoren – kva rolle kan vi Vestlandspolitikere ta?»

Stad: På nett
Når: 1. september 2021 kl. 13:30

Sist oppdatert: 14. oktober 2021