Utdanningsdirektoratet (Udir) har fått i oppdrag å etablera støtteteneste for personvern, informasjonstryggleik og universell utforming i digitale læremiddel, digitale læringsressursar og plattformer i skolen og barnehagen. Dette skal skje i samarbeid med SIKT og KS.
Kommunal og distriktsdepartementet (KDD) har sendt ut eit oppdragsbrev til Udir der rammene for ei slik teneste blir skildra. Tenesta skal være på plass 01.01.2026.
I brevet står det mellom anna at føremålet med å oppretta felles støtteteneste er å møta utfordringane kommunar, fylkeskommunar og private barnehage- og skoleeigarar har med å etterleva regelverket for personvern, informasjonstryggleik og universell utforming ved anskaffing og bruk av digitale læremiddel, læringsressursar og plattformer.
Støttetenesta skal bidra til at barnehage- og skoleeigarar lettare kan sikra at elevars personopplysingar blir behandla i tråd med personvernregelverket, og ikkje hamnar på avvegar og blir brukt kommersielt til profilering og målretta reklame.
Vidare skal støttetenesta bidra til at barnehage- og skoleeigarar lettare kan sikra at dei digitale løysingane dei skal nytta er universelt utforma og dermed styrke inkluderinga av alle barn og elevar.
KDD skriv vidare i oppdragsbrevet at støttetjenesta skal etablerast med funksjonane rettleiing, rådgiving, kompetanseheving og sentraliserte delvurderingar, for personvern, informasjonstryggleik og universell utforming.
Utdanningsdirektoratet skal utvikla rettleiingsmateriell og malar som skal hjelper barnehage- og skoleeigarar å forstå og følgja regelverket for personvern, informasjonstryggleik og universell utforming.
SIKT skal gjennomføra og publiserer sentraliserte delvurderingar og tekniske testar av digitale løysingar, slik at barnehage- og skoleeigarar får eit godt grunnlag for å velja trygge og inkluderande løysingar.
Støttetenesta vil òg tilby rådgiving og støtte til barnehage- og skoleeigarar i deira lokale vurderingar. I etableringsfasen skal det avklarast kven som skal stå for rådgivinga, og korleis dette skal organiserast.
| Ikon som illustrerer filtype | Filnavn | Filstørrelse | Datofil ble lastet opp |
|---|
Publisert
Besøksadresse
Rådhusgaten 10
5014 Bergen, Norway
Ansvarlig redaktør: Lars Longva
Daglig leder: Simen Soltvedt
Meld deg på Digivestlands nyhetsbrev