Faggruppe oppvekst hadde sitt første møte for hausten 18. oktober. I møtet vart det orientert om den nye avtaleperioden for DigiVestland, samtidig som behovet til kommunane og ønskjer for det vidare arbeidet i faggruppa vart drøfta.
Med bakgrunn i innspel frå kommunane og kartlegginga som vart gjennomført i vår pdf, 153 kB., vart det i etterkant av møtet sendt ut ei undersøking til alle medlemer i faggruppa.
Føremålet med undersøkinga er å kartleggja kva tema faggruppe oppvekst i DigiVestland ønskjer å prioritera framover når det gjeld digitalisering i oppvekstsektoren. Resultata vil gi eit viktig grunnlag for kva satsingsområde faggruppa skal jobba med vidare, samtidig kva nettverk og arbeidsgrupper det er behov for å etablera.
Undersøkinga er retta mot medlemer i faggruppe oppvekst, og svarfristen er 13. november. Alle medlemmer av faggruppa har fått tilsendt undersøkinga på e-post.
| Ikon som illustrerer filtype | Filnavn | Filstørrelse | Datofil ble lastet opp |
|---|
Publisert
Besøksadresse
Rådhusgaten 10
5014 Bergen, Norway
Ansvarlig redaktør: Lars Longva
Daglig leder: Simen Soltvedt
Meld deg på Digivestlands nyhetsbrev