E-resept Lenke til et annet nettsted, åpnes i nytt vindu. er ei nasjonal e-helseløysing (samhandlingsløysing) for sikker overføring av reseptinformasjon. Dette bidreg til å redusera risiko for feil ved rekvirering og utlevering av legemiddel.
Løysinga oppfyller strenge nasjonale krav til tryggleik og personvern. E-resept er eit viktig bidrag til auka pasienttryggleik gjennom tryggare legemiddelbruk.
Betre oversikt over pasientens legemiddelbruk
Når rekvirentar og anna helsepersonell hentar informasjon frå reseptformidlaren, vil dei får betre oversikt over den totale legemiddelbruken til pasienten.
Meir tryggleik
E-reseptar er vanskelegare å forfalska enn papirreseptar.
Auka pasienttryggleik
E-resept reduserer risiko for feil i rekvirering og utlevering, og dette bidreg til auka pasienttryggleik.
Fleksibilitet for pasient
E-resept gjer at pasienten kan henta ut legemiddel og andre reseptvarer hos ønskt apotek/bandasjist.
Betre oversikt
Pasientar får oversikt over eigne legemiddel på helsenoreg.no.
Kva må vera på plass for å ta i bruk løysinga?
Les meir om korleis du kjem i gang med e-resept her Lenke til et annet nettsted, åpnes i nytt vindu.
E-resept er ei av dei nasjonale e-helseløysingane som Norsk helsenett driftar og forvaltar.
Endringar i pasientjournallova om plikt til å ta i bruk og betala for nasjonale e-helseløysingar tredde i kraft 1. januar 2022. Lova pålegg kommunar å ta i bruk og betala for drift og forvalting av nasjonale e-helseløysingar. Lovendringane gjeld fire nasjonale e-helseplattformer; kjernejournal, Helsenoreg, e-resept og helsenettet.
I denne artikkelen Lenke til et annet nettsted, åpnes i nytt vindu. kan du sjå kva kommunen din må betala for løysingane. Huk av for kommunen din i Power BI’ein nedst i artikkelen.
Publisert
Besøksadresse
Rådhusgaten 10
5014 Bergen, Norway
Ansvarlig redaktør: Lars Longva
Daglig leder: Simen Soltvedt
Meld deg på Digivestlands nyhetsbrev