Kjernejournal Lenke til et annet nettsted, åpnes i nytt vindu.er ei digital løysing for deling av helseopplysningane til pasientane på tvers av verksemder og nivå i helsevesenet.
I kjernejournalen til den enkelte er eit utval viktige opplysningar gjorde tilgjengelege for helsepersonell med tjenstleg behov, uavhengig av kvar pasienten tidlegare har fått helsehjelp. Dette bidreg til auka pasienttryggleik der helsepersonellet manglar oppdaterte opplysningar i eige journalsystem, også i pleie- og omsorgstenesta.
Helsepersonell får tilgang til same informasjon:
I kjernejournalen til pasienten kan helsepersonell sjå dei same opplysningane uavhengig av om dei jobbar som fastlege, på sjukehus eller legevakt.
Avgrensar tilgang til sensitive opplysningar:
Person- og helseopplysningar som i dag blir delte ved utskrift av dokumentasjon som følgjer med pasienten eller som blir send på fax kan delast på ein sikrare måte via Kjernejournal. Det er berre helsepersonell ved tjenstleg behov som vil ha tilgang, dette avgrensar tilgang på sensitive opplysningar.
Meir tidseffektivt:
Helsepersonell vil spare tid på å innhente og kvalitetssikre opplysninger om pasienten.
Færre pasientskadar som følgje av uheldig bruk av legemiddel.
Viktige opplysningar følgjer pasienten:
Pasientar som blir følgde opp av helsepersonell i sjukeheimar og heimetenester har tryggleik for at viktige opplysningar om dei også blir delt med dei primære behandlarane deira.
Endringar i pasientjournallova om plikt til å ta i bruk og betala for nasjonale e-helseløysingar tredde i kraft 1. januar 2022. Lova pålegg kommunar å ta i bruk og betala for drift og forvaltning av nasjonale e-helseløysingar. Lovendringane gjeld fire nasjonale e-helseplattformer; kjernejournal, Helsenoreg, e-resept og helsenettet.
I denne artikkelen Lenke til et annet nettsted, åpnes i nytt vindu. kan du sjå kva kommunen din må betala for løysingane. Huk av for kommunen din i Power BI’ein nedst i artikkelen.
Kva må vere på plass før ein kan ta i bruk løysinga?
Publisert
Besøksadresse
Rådhusgaten 10
5014 Bergen, Norway
Ansvarlig redaktør: Lars Longva
Daglig leder: Simen Soltvedt
Meld deg på Digivestlands nyhetsbrev