Digisos Lenke til et annet nettsted, åpnes i nytt vindu. er eit samarbeid mellom KS Digital, kommunane og Arbeids- og velferdsdirektoratet som utviklar og forvaltar digitale sjølvbeteningsløysingar for økonomisk sosialhjelp. Per dags dato er følgjande løysingarr ferdigutvikla:
Kva må vere på plass før ein kan ta i bruk løysinga?
For å ta i bruk Digisos-løysingane, må kommunen signera avtalar med Arbeids- og velferdsdirektoratet, Kommunesektorens organisasjon (KS) og fagsystemleverandør.
Les meir om avtalene her Lenke til et annet nettsted, åpnes i nytt vindu.
DigiSOS er bygd opp på samarbeidet mellom NAV ved Arbeids- og velferdsdirektoratet, KS Digital og fagsystemleverandørar. Kommunen vil derfor betala til alle samarbeidspartnarane.
KS Digital driftar Fiks Digisos. Oppdatert prisliste finn du på sida prisoversikta til KS Digital. For å ta i bruk Fiks Digisos må kommunen betala eingongskostnad for tilknyting til Fiks Digisos. Eingongskostnaden gjeld medlemskapen i Digifin-ordninga (ks.no) - KS si finansieringsordning for digitaliseringsprosjekt.
Kostnadene for oppgradering av fagsystemet i samband med påkopling og bruk av Digisos-løysingane avklarer kommunen med fagsystemleverandøren sin.
Les meir om pris her Lenke til et annet nettsted, åpnes i nytt vindu.
Desse DigiVestland-kommunane har teke i bruk løysinga
Alle kommunane i DigiVestland-samarbeidet har teke i bruk både digital søknad (DigiHot Lenke til et annet nettsted.), innsynsløysing for bruker og innsynsflate for NAV kontaktsenter utanom Kvam og Vik.
Publisert
Besøksadresse
Rådhusgaten 10
5014 Bergen, Norway
Ansvarlig redaktør: Lars Longva
Daglig leder: Simen Soltvedt
Meld deg på Digivestlands nyhetsbrev