Fiks arkiv

Skildring

Fiks arkiv Lenke til et annet nettsted, åpnes i nytt vindu. er ein av standarane i Fiks protokoll, og ein standard for kommunikasjon mot eit Noark-arkiv. Fiks arkiv støttar arkivering av ferdige dokument og spørjingar mot arkivet for å henta ut data. Fiks arkiv er basert på arbeidet som vart gjort i GI Arkiv 1.1.  Standarden gjer det enkelt for eit fagsystem å arkivera data utan spesialtilpassingar.

Effektiv samhandling
Fiks protokoll forenklar og standardiserer kommunikasjonen mellom ulike system i kommunane. Dette mogleggjer ei saumlaus og effektiv samhandling, noko som gir kommunane fridommen til å optimalisera arbeidsprosessane sine ved å kombinera system frå ulike leverandørar.

Fleksibilitet og kontroll
Fiks protokoll gir kommunane den nødvendige fleksibiliteten til å velja og kombinera system frå ulike leverandørar. Samtidig held dei oppe full kontroll over samhandlingsprosessane gjennom Fiks-konfigurasjonen, og dermed oppnår ein skreddarsydd og optimal integrasjon som passar dei unike behova deira.

Sikker datadeling
Gjennom asynkron meldingsutveksling og ende-til-ende kryptering sikrar Fiks protokoll ei trygg plattform for kommunane. Dette gir dei høve til å dela sensitiv informasjon på ein sikker måte, og skaper tillit i utvekslinga av viktige data mellom ulike system.

Fiks protokoll er finansiert med prosjektstøtte gjennom Digifin. Digifin er ei finansieringsordning for realisering av nasjonale digitaliseringsprosjekt i kommunesektoren. Kommunar og fylkeskommunar som er med i Digifin-ordninga, må betala ei prosjektavgift for å ta i bruk løysingane som blir utvikla med støtte frå ordninga. På den måten blir utviklingskostnadene fordelte på dei som tar løysingane i bruk, og pengar går tilbake til ordninga for gjennomføring av nye digitale fellesprosjekt. 

KS Digital - Prisoversikt Fiks-plattformen Lenke til et annet nettsted, åpnes i nytt vindu.

  1. For å ta i bruk Fiks protokoll må kommunen ha hovudavtale med KS.
  2. I  Leverandøroversikta Lenke til et annet nettsted, åpnes i nytt vindu. blir vist leverandørar som held på med testing/implementering av FIKS Arkiv versjon 1.
     

Publisert

Fant du det du lette etter?
Til toppen Til toppen

Besøksadresse
Rådhusgaten 10
5014 Bergen, Norway

Ansvarlig redaktør: Lars Longva
Daglig leder: Simen Soltvedt

 

Meld deg på Digivestlands nyhetsbrev