Fiks folkeregister Lenke til et annet nettsted, åpnes i nytt vindu. gir kommunar og fylkeskommunar tilgang til folkeregisteret. Innhaldet er brukarstyrt, slik at saksbehandlarane i kommunen berre får tilgang til den informasjonen dei har behov for. Dei fleste av kommunane i landet har i dag avtale med KS om å bruka tenesta.
Spar tid
Løysinga er tilgjengeleg både som ei nettsideløysing med oppslagsfunksjonalitet i tillegg til maskin-til-maskin integrasjon. Løysinga er i tillegg kopla til kontaktregisteret, der ein får opplysningar om kontaktinformasjon på oppslaget. Dette gjer at saksbehandlar på ein effektiv måte kan få opp folkeregister- og kontaktinformasjon i oppgåvene sine.
Ver trygg
Bruk av folkeregisteret krev heimel i lov. I tillegg blir det oppretta roller som skal styra tilgang for innsyn basert på tenesteområde det blir behandla innanfor. Kommunen sjølv har eit aktivt forhold til kva opplysningar dei ulike tenesteområda har behov for.
Publisert
Besøksadresse
Rådhusgaten 10
5014 Bergen, Norway
Ansvarlig redaktør: Lars Longva
Daglig leder: Simen Soltvedt
Meld deg på Digivestlands nyhetsbrev