Fiks skatte- og inntektsopplysningar

Skildring

Fiks skatte- og inntektsopplysningar Lenke til et annet nettsted, åpnes i nytt vindu. gir saksbehandlarar enkel tilgang til viktig info frå Skatteetaten. Anten det er via nettsida vår eller integrert i kommunen sitt eige fagsystem, kan opplysningane brukast for å justera foreldrebetaling i SFO/barnehage og berekna eigendelar for praktisk hjelp og langtidsopphald på institusjon. 

Klikk på lenkjene under for å lesa meir om dei ulike tenestene innanfor skatte- og inntekstopplysningar.

Langtidsopphald på institusjon Lenke til et annet nettsted, åpnes i nytt vindu.

Praktisk hjelp og opplæring Lenke til et annet nettsted, åpnes i nytt vindu.

Redusert foreldrebetaling barnehage og SFO Lenke til et annet nettsted, åpnes i nytt vindu.

Spar tid
Innbyggere treng ikkje lenger senda inn skatteoppgjeret til kommunen. Den digitale løysinga vår behandlar søknader basert på relevante postar frå skatteoppgjeret, samtidig som me sørgjer for å inkludera årsrevisjon frå Skatteetaten.

Forbetra kvalitet
Direkte kopling til Skatteetatens delingsteneste sikrar at opplysningane kjem direkte frå kjelda. Den digitale fellesløysinga vår bidreg til einsarta behandling på tvers av kommunar, føresett at dei tek i bruk våre tenester.

Ver trygg
Opplysningene me presenterer er berre knytt til den aktuelle behandlinga og kjem direkte frå Skatteetaten. Fiks skatte- og inntektsopplysningar har innebygd personvern, der kommunen kan definera spesifikke roller med innsynstilgang basert på det aktuelle tenesteområdet.

  1. Kommunen må signera hovudavtale med KS om bruk av Fiks-tenestene og tenestevedlegget for skatte- og inntekstopplysningar Lenke til et annet nettsted, åpnes i nytt vindu.
  2. Signer tilslutningserklæring med Skatteetaten

Dersom kommunen har signert tilslutningserklæringa, og ønskjer å få tilgang til ei ny teneste hos Skatteetaten, treng kommunen berre å senda ein påkoblingsfo Lenke til et annet nettsted, åpnes i nytt vindu.respørsel Lenke til et annet nettsted, åpnes i nytt vindu. for den aktuelle tenesta. 

Publisert

Fant du det du lette etter?
Til toppen Til toppen

Besøksadresse
Rådhusgaten 10
5014 Bergen, Norway

Ansvarlig redaktør: Lars Longva
Daglig leder: Simen Soltvedt

 

Meld deg på Digivestlands nyhetsbrev