Min kommune – barnevern

Min kommune - barnevern Lenke til et annet nettsted, åpnes i nytt vindu. er ei ny digital innbyggjarteneste, utvikla i samarbeid mellom KS Digital og det nasjonale prosjektet Digibarnevern. Tenesta gir barn, unge og foreldre sikker, digital tilgang til si barnevernssak. Dei kan sjå dokument, gi samtykke, medverka i saka si og senda brev til saksbehandlar.


Større tillit til barnevernet
Barn, unge og føresette får ein trygg kanal for samarbeid med barnevernet om eiga sak.

Meir eigarskap over eigne data
Involverte i ei barnevernssak kan følgja med på eiga sak, be om innsyn og gi samtykke på ei eiga digital flate.

Sikkert for alle
Innlogging skjer via ID-porten på høgaste nivå. Saksbehandlarar tilgjengeleggjer data direkte frå fagsystemet dokumenta ligg i.


For drift, forvalting og vidareutvikling av løysingane vil KS Digital fakturera ein månadspris. Kommunar kan sjå kva tenesta vil kosta ved å bruka priskalkulatoren vår. Prisen følgjer den nye prismodellen til KS Digital, som vart vedtatt etter ein høyringsrunde i kommunal sektor. Prisen består av ein fast pris og ein pris per innbyggjar. Innbyggjarprisen blir justert etter kommunestorleik; store kommunar betaler litt mindre per innbyggjar.

KS Digital priskalkulator Lenke til et annet nettsted, åpnes i nytt vindu.

Behovsprosjektet og utvikling av tenestene er finansiert med prosjektstøtte gjennom ’Finansieringsordning for digitaliseringsprosjekt i kommunal sektor’ (Digifin). Prosjektstøtta blir betalt tilbake til Digifin gjennom ein eingongskostnad for alle kommunane som tar løysingane i bruk.

Publisert

Fant du det du lette etter?
Til toppen Til toppen

Besøksadresse
Rådhusgaten 10
5014 Bergen, Norway

Ansvarlig redaktør: Lars Longva
Daglig leder: Simen Soltvedt

 

Meld deg på Digivestlands nyhetsbrev