Rapport frå Helsedirektoratet gir støtte til innføring og trygg bruk av KI i helse- og omsorgssektoren

Helsedirektoratet har lansert ein rapport som skal gi helse- og omsorgstenesta støtte i å ta i bruk KI-system.

Rapporten er spesielt relevant for personar som er involverte i ulike vurderingar og avgjerder knytte til å planleggja, skaffa, ta i bruk og drifta KI-system. 

I rapporten blir dei juridiske rammene skildra, kva som er pålagde krav etter relevant regelverk, og til dels kva som er lurt. Den inneheld òg kapittel om risikohandtering, validering og etiske prinsipp.

Rapporten gir òg støtte i ulike fasar når ein skal innføra KI-løysingar. Den inneheld rettleiing til dei som vurderer å skaffa ei KI-løysing, dei som har vedtatt dette og skal gjennomføra ein anskaffingsprosess og til dei som skal innføra eit slikt system. Heilt konkret omtaler den seks fasar:

  1. Skildra utfordringa og vurdera om KI er løysinga
  2. Kartlegge KI-system på marknaden
  3. Vurdera eiga verksemds evne til å ta i bruk eit KI-system
  4. Skaffa eit KI-system
  5. Innføra og kvalitetssikra eit KI-system
  6. Drifta og forvalta eit KI-system

Les meir på Helsedirektoratets nettside. Lenke til et annet nettsted, åpnes i nytt vindu.

Her kan du lesa rapporten  Lenke til et annet nettsted, åpnes i nytt vindu.

Publisert

Fant du det du lette etter?
Til toppen Til toppen

Besøksadresse
Rådhusgaten 10
5014 Bergen, Norway

Ansvarlig redaktør: Lars Longva
Daglig leder: Simen Soltvedt

 

Meld deg på Digivestlands nyhetsbrev