Regjeringa styrkjer den nasjonale innsatsen på kunstig intelligens ved å oppretta KI Norge, ein nasjonal arena for innovativ og ansvarleg KI.
KI Norge skal etablerast som eit nytt og utvida spissmiljø i Digitaliseringsdirektoratet (Digdir). Den nasjonale arenaen vil ha ei pådrivar- og rettleiarrolle, og dessutan fungera som eit bindeledd og samarbeidspartnar mellom sentrale KI-aktørar i offentleg sektor, næringslivet, forskingssektoren og akademia.
Målet er at KI Norge blir ein nasjonal arena der juss, teknologi, vitskap og offentleg administrasjon smeltar saman. Privat-offentleg samarbeid blir viktig i KI Norge.
Eit viktig verktøy i dette arbeidet vil vera KI-sandkassa der norske kommunar og andre verksemder kan eksperimentera, utvikla og trena KI-system innanfor trygge rammer.
Du kan lese meir om KI Norge på regjeringa si nettside Lenke til et annet nettsted, åpnes i nytt vindu. og i denne artikkele frå Digdir
Lenke til et annet nettsted, åpnes i nytt vindu.
Publisert
Besøksadresse
Rådhusgaten 10
5014 Bergen, Norway
Ansvarlig redaktør: Lars Longva
Daglig leder: Simen Soltvedt
Meld deg på Digivestlands nyhetsbrev