Diginettverka har, saman med KS Digital og KS, sett i gang eit felles arbeid for å kunna tilby betre digitale tenester for innbyggjarane i heile landet.
Den nasjonale digitaliseringsstrategien Lenke til et annet nettsted, åpnes i nytt vindu. seier at det skal leggjast til rette for at innbyggjarane får ein betre og meir heilskapleg oppleving av digitale tenester, der behova og perspektiva deira blir prioriterte. For å kunna tilby betre innbyggerjtnester, er det nødvendig å samarbeida rundt fleire nasjonale fellestenester.
Vegkart for digitale innbyggjartenester er eit verktøy for å operasjonalisere den nasjonale strategien. Målet er å gå frå ulike lokale løysingar til nasjonale fellestenester som som gir innbyggjarane samanhengande tenester som er enklare, tryggare og av betre kvalitet, og som i tillegg underbyggjer kostnadseffektive prosessar i kommunane.
Dei fire føremåla med vegkartet
Det er samla ei arbeidsgruppe med engasjerte personar frå kommunar, fylkeskommunar og IKT-miljø som skal jobba med vegkartet. Arbeidsgruppa har fått innspel på 200 pågåande og nye initiativ for digitale innbyggjartenester, som dannar grunnlag for arbeidet med vegkartet. Prioriteringar vil bli gjorde i tråd med definerte strategiske kriterium.
Som ein del av forankringsarbeidet har KS arrangert to webinar om arbeidet med vegkartet. Opptak av webinara finn du på KS’ nettside Webinarrekke om digitalisering Lenke til et annet nettsted, åpnes i nytt vindu..
Har du spørsmål om arbeidet? Ta kontakt med:
Tove Bech, kontaktperson i DigiVestland
Tove.Bech@bergen.kommune.no
Ragnar Bøe, KS Digital
ragnar.boe@ks.no
Publisert
Besøksadresse
Rådhusgaten 10
5014 Bergen, Norway
Ansvarlig redaktør: Lars Longva
Daglig leder: Simen Soltvedt
Meld deg på Digivestlands nyhetsbrev