KI Forordninga kjem - Er bedrifta di / kommunen din klar?

Saman med klyngjene for Seafood, VR, Maritime cleantech, Ocean technology, Fintech, Proptech og Universitetet i Bergen inviterer Vestland fylkeskommune til å delta på arrangementet om KI-forordninga. Dette er eit unikt høve til å læra meir om dei nye reglane og korleis dei vil påverka kommunen di. 

Stad: Vestlandshuset, Bergen

Tid: Torsdag 22 mai kl 12.00 -18.00

 

Spesialsesjon: KI-forordninga og kommunane i Vestland

Ein av sesjonane vil fokusera på kva KI-forordninga vil bety for kommunane i Vestland fylke. VFK har invitert Ane Fisknes Storås, prosjektansvarleg for KI i Vestland fylkeskommune, Mona Mellingen, jurist i Fylkeskommunen, og Fredrik Breien frå Universitetet i Bergen. Ane har gjennomført eit grundig prosjekt på KI for Fylkeskommunen og har åtvara mot utbreidd bruk av KI på noverande tidspunkt. Fredrik vil snakka om "Fantastiske Data" og korleis dette kurset blir lagt til rette for bruk i skulen. Fleire representantar frå kommunane i Vestland vil også delta for å gi eit heilskapleg bilete av forordninga. Me vil også diskutera moglegheita for å etablera eit KI-forordning nettverk for å støtta implementeringa fram mot august 2026.

Les meir/påmelding Lenke til et annet nettsted, åpnes i nytt vindu.


Publisert

Fant du det du lette etter?
Til toppen Til toppen

Besøksadresse
Rådhusgaten 10
5014 Bergen, Norway

Ansvarlig redaktør: Lars Longva
Daglig leder: Simen Soltvedt

 

Meld deg på Digivestlands nyhetsbrev