Idekatalog for tenestedesign

Idekatalog for tenestedesign er laga for kommunar og fylkeskommunar som vil vita meir om korleis tenestedesign kan brukast for å skapa betre tenester og finne nye løysingar.

Kommunar og fylkeskommunar møter i aukande grad komplekse utfordringar utan kjende løysingar. Samstundes er behova og forventingane brukarane har til tenester i stadig endring. Innovasjon er ein måte å møta utfordringane slik at oppgåvene kan løysast på ein betre og meir føremålstenleg måte. 

 

Bruk av tenestedesign i innovasjonsprosessar kan auka kvaliteten og skapa betre brukaropplevingar. Ein del kommunar har brukt denne tilnærminga for å utvikla, planleggja og organisera tenestene betre. Idekatalog for tenestedesign er ei innføring som skal bidra til å inspirera og tryggja fleire kommunar til å gjera det same. Føremålet har vore å samla kunnskap om kva moglegheiter tenestedesign kan gi kommunane i innovasjonsprosessar. 

 

Sjå Idekatalog for tenestedesign her Lenke til et annet nettsted, åpnes i nytt vindu.

Publisert

Fant du det du lette etter?
Til toppen Til toppen

Besøksadresse
Rådhusgaten 10
5014 Bergen, Norway

Ansvarlig redaktør: Lars Longva
Daglig leder: Simen Soltvedt

 

Meld deg på Digivestlands nyhetsbrev