Webinar om Microsoft 365 Copilot og korleis du kan effektivisera arbeidsdagen med KI i dei daglege verktøya dine.

Arrangør: Digi Rogaland

Webinaret utforskar korleis Microsoft 365 Copilot er integrert i produktivitetsverktøya du bruker kvar dag, og korleis den han hjelpa både med personlege oppgåver og fremma samarbeid med kollegaer. 

Lær korleis du kan bruka KI til å forbetra arbeidsflyten din på ein trygg og sikker måte. Webinaret viser også korleis du kan oppretta agentar for personleg bruk eller som kan delast med kollegaer.

Målgruppe: 
Teknologar, prosjektleiarar, teamleiarar, tilsette som ønskjer å integrera KI-verktøy i arbeidsprosessar, personar med ansvar eller interesse for framtidsretta kulturendring, og dei med generell interesse for korleis KI kan forbetra informasjonsinnhenting, kommunikasjon og samarbeid.

Hovudmål:
Lær korleis Microsoft 365 Copilot blir integrert saumlaust i dei daglege verktøya dine på ein sikker måte, og styrkjer både personleg produktivitet og samarbeid.

Delmål:
- Introduksjon til Microsoft 365 Copilot og integrasjon i produktivitetsverktøy
- Forbetring av personleg arbeidsflyt med KI
- Samarbeid i delte arbeidsområde og dokument med KI
- Sikker bruk av organisasjonsdata med Microsoft 365 Copilot
- Skiping og bruk av agentar for personleg og delt bruk

 

Bli med på webinaret her Lenke til et annet nettsted, åpnes i nytt vindu.

Publisert

Fant du det du lette etter?
Til toppen Til toppen

Besøksadresse
Rådhusgaten 10
5014 Bergen, Norway

Ansvarlig redaktør: Lars Longva
Daglig leder: Simen Soltvedt

 

Meld deg på Digivestlands nyhetsbrev