Strategi for digital kompetanse og infrastruktur i barnehage og skole

Regjeringa og KS har utvikla ein felles strategi for digital kompetanse og infrastruktur i barnehagar og skolar. Strategien gir tydelegare støtte til kommunal sektor i møte med nye teknologiar, digitale verktøy i opplæringa og auka press på personvern.

Regjeringa og KS vil:

  • Greia ut korleis ein kan etablera ei felles støtteteneste for personvern og universell utforming, slik at barnehage- og skoleeigarane kan få hjelp i vurderinga av digitale ressursar.
  • Opprette ei offentleg oversikt over tilgjengelege digitale læremiddel og i kva grad dei oppfyller juridiske og tekniske krav. Dette vil gjera det enklare for skolane å kjøpa inn læremiddel som oppfyller regelverket.
  • Greia ut korleis myndigheitene saman med sektor kan fanga opp og møta nye teknologiar som påverkar barnehagen og skolen på ein betre måte, slik at dei raskare kan gi støtte til kommunane. Strategien kjem òg med fleire tiltak for å støtta skolane med å handtera kunstig intelligens i opplæringa.
  • Styrke rettleiinga om god digital praksis i barnehagar og skolar, og sørgja for god digital kompetanse i etter- og vidareutdanningstilboda.
     

Her kan du lesa strategien Lenke til et annet nettsted, åpnes i nytt vindu.

Publisert

Fant du det du lette etter?
Til toppen Til toppen

Besøksadresse
Rådhusgaten 10
5014 Bergen, Norway

Ansvarlig redaktør: Lars Longva
Daglig leder: Simen Soltvedt

 

Meld deg på Digivestlands nyhetsbrev