Sekretariat for e-helse

Heim/ Faggrupper / Faggruppe for e-helse

Bakgrunn og formål


DigiVestland har som mål å nå breitt ut til kommunane. Det gjeld både innføring av nye løysingar, deling av kunnskap og kompetanse samt å hente innspel frå kommunane inn mot regionale og nasjonale styrestrukturar og satsingar.

Hovedstyret i KS har vedtatt ein felles plan og rammeverk for e-helseområdet som inneber at digi-nettverka (Digi Vestland) skal vere den regionale aktøren som tek det heilhetlige strategiske ansvaret for å koordinera og samordna regionale aktivitetar innafor e-helseområdet. Dette inneber å sikre at regionens kommunar i fellesskap arbeider med dei nasjonalt prioriterte områda:

· Legemiddelområdet

· Digital heimeoppfølging

· Innbyggartenester

· Felles kommunal journal

· Digital samhandling

Styringsgruppa i DigiVestland vedtok i sak 16/22 eit utkast til ny modell for organisering for arbeidet med e-helse, i tråd med Felles plan og rammeverk. Sekretariatet i DigiVestland jobbar no vidare med naudsynt tilpassing og operasjonalisering av strukturen.

Det er etablert eit regionalt fag- og prioriteringsutval, beståande av arbeidsutval for KS sine helseleiarnettverk i regionen. Meir informasjon, oppdatert mandat og deltakarar vil gjerast tilgjengeleg så snart dette er klart.

Kristin Brekke er seksjonssjef for e-helse området i Bergen kommune, og er leiar for arbeidet innan e-helse i DigiVestland. I tillegg er Brekke representant i den nasjonale styringsmodellen (NUIT), og også representant i det nye fag- og prioriteringsutvalet for e-helse i KS. Med seg har ho ei sekretariat for e-helse.

Aktivitetar: Digi Vestland skal, med utgangspunkt i nasjonal portefølje, utvikla og forvalta den regional porteføljen og plan på e-helseområdet. Den regionale portefølje forankras i tillegg i regionalt fag- og prioriteringsutval for e-helse.

Aktuelt

Informasjonsmøter og påmelding til nasjonale innføringsløp e-helseløsninger 2023

KS e-Komp Vest, DigiVestland og Digi Rogaland inviterer på nytt til deltakelse i felles innføringsløp for de nasjonale e-helseløsningene Kjernejournal, Digihelse og Digihelsestasjon.

Basert på etterspørsel fra kommuner, og erfaringer fra pågående innføringsløp, startes nå nye innføringsløp for vårhalvåret 2023.

DigiVestland som koordinator innan e-helse

Digi Vestland vil, med utgangspunkt i nasjonal portefølje, utvikle og forvalte ein eigen portefølje og plan på e-helseområdet. Fredag 22. april vedtok styringsgruppa (sak 16/22) i Digi Vestland eit utkast til ny modell for organisering av arbeidet med e-helse. Fram mot sommaren vil det bli arbeida med å sette modellen i drift og korleis Digi Vestland skal utøve sin koordinerande rolle.

Kontakt

Kristin Brekke

faggruppeleiar

telefon: 408 72 404

e-post: kristin.brekke@bergen.kommune.no

Tove Bech

sekretariatet

Telefon:

e-post: tove.bech@bergen.kommune.no

Sist oppdatert: 14. oktober 2021