Påmelding til felles innføringsløp E- helseløysingar

Kjernejournal

Meld deg på her!

Digihelsestasjon

Meld deg på her!


Kjernejournal i sykehjem og hjemmetjeneste, Digihelse og Digihelsestasjon er nasjonale e-helseløysningar som det gjennom Felles plan og rammeverk er satt eit mål om at alle kommunar skal ta i bruk innan 2025. Som eit verkemiddel for å få fleire kommunar til å ta i bruk løysningane samarbeider DigiVestland, Digi Rogaland og KS e-Komp om eit felles innføringsløp for kommunar i Vestland og Rogaland. Felles innføringar startar allereie denne hausten for dei kommunane som ynskjer å delta. Det er planlagt eit innføringsløp for kvar løysning.

Det har tidlegare vore gjennomført informasjonsmøter kor det vart gitt informasjon om kvar løysning, delt erfaringar frå kommunar som brukar løysninga i dag, og informasjon om plan for innføringsløp. Presentasjonar frå møta er sendt til deltakarar og kommunalsjefar innan helse og omsorg.

Under er ein tentativ framdriftsplan for kvart av innføringsløpa. Planen vil verte tilpassa når vi veit meir om antall kommunar som har meldt seg på.

Ynskjer din kommune å delta på felles innføring for ein eller fleire av løysningane, men ikkje har anledning til det i haust? Gje oss gjerne tilbakemedling på dette, DigiVestland kan då vurdera nye innføringsløp til våren.


Kva er Kjernejournal?

Kjernejournal er ein digital løysning for deling av pasientanes helseopplysningar på tvers av verksemder og nivå i helsevesenet. I pasientens kjernejournal kan helsepersonell sjå dei same opplysningane uavhengig av om dei jobbar som fastlege, på sjukehus eller legevakt. Les gjerne meir på Norsk helsenett sine nettsider.

Kva er Digihelse?

Med meldingar og kalendervisning på helsenorge.no kan innbyggarane kommunisere med den kommunale helsetenesta. Meldingane kjem direkte inn i den elektroniske pasientjournalen (EPJ). Løysninga tas i fyrste omgang i bruk til kommunikasjon med heimetenesta, men kan også utvidast lokalt til å nyttast for andre kommunale helse- og omsorgstenester som dokumenterer i kommunanes journalsystem. Les gjerne meir på KS sine nettsider.

Kva er Digihelsestasjon?

Digihelsestasjon er ei meldingsteneste mellom helsestasjons- og skulehelsetenesta og innbyggar. Her kan innbyggar på ein sikker og trygg måte sende og motta meldingar, få oversikt over avtalar, motta varslingar og få tilgang til relevant informasjon. Les gjerne meir på KS sine nettsider.