Digi Vestland som koordinator innan e-helse
Framside / Faggrupper / Faggruppe for e-helse / Aktuelt e-helse / Faggruppe for e-helse
Hovudstyret i KS har vedtatt ein felles plan og rammeverk for e-helseområdet som inneber at digi-nettverka (Digi Vestland) skal vere den regionale aktøren som tar det heilhetlige strategiske ansvaret for å koordinere og samordne regionale aktivitetar innafor e-helseområdet. Dette inneber å sikre at regionens kommunar i fellesskap arbeider med dei nasjonalt prioriterte områda:
Legemiddelområdet
Digital heimeoppfølging
Innbyggjartenester
Felles kommunal journal
Digital samhandling
Digi Vestland vil, med utgangspunkt i nasjonal portefølje, utvikle og forvalte ein eigen portefølje og plan på e-helseområdet. Fredag 22. april vedtok styringsgruppa (sak 16/22) i Digi Vestland eit utkast til ny modell for organisering av arbeidet med e-helse. Fram mot sommaren vil det bli arbeida med å sette modellen i drift og korleis Digi Vestland skal utøve sin koordinerande rolle. Arbeidet skal foregå i samarbeid med nasjonalt kompetansenettverk e-helse, velferdsteknologinettverk og helseføretak. Den nye modellen for organisering skal forankrast hjå alle involverte aktørar, og det vil gjerast eventuelle tilpasningar for å sikra at modellen er så formålstenleg som mogleg. Det er òg sentralt at Digi Vestland og Digi Rogaland, med felles helseføretak, samarbeider godt i utøvelse av sin koordinerande rolle. Eit slikt samarbeid er allereie godt i gang.
DigVestland har søkt til KS om midlar til å finansiere regionale velferdsteknologikoordinatorar. Gjennom DigiVestland skal alle kommunar i fylket kunne dra nytte av koordinatorane sitt arbeid. Målet er å innføre ein varig struktur, som skal byggje og sikre kompetanse og kompetansedeling om implementering av velferdsteknologi i kommunane. Søknaden er framleis til behandling hos KS.
Kommunedirektørane og leiarane for helse og omsorg i kommunane spelar viktige roller, og vi er avhengige av aktiv påverknad og oppslutning om den regionale satsinga for å lukkast. DigiVestland vil halde sentrale aktørar informert i det vidare arbeid med operasjonalisering av e-helseområdet.
Sist oppdatert 26. april 2022