Faggruppe for informasjonstryggleik og personvern
Framside / Faggrupper / Faggruppe for informasjonstryggleik og personvern
Om Faggruppe informasjonssikkerheit og personvern
Bakgrunn og formål
Faggruppe informasjonssikkerheit og personvern vart etablert tidleg i 2018. Faggruppa starta som ein arena der kommunane kunne diskutere konsekvensane av den da ventande nye personvernforordninga (GDPR, gjeldande frå 20.07.2018). Formålet var å sørgje for at deltakande kommunar tek vare på informasjonssikkerheita og personvernet til innbyggjaren i samsvar med personvernforordninga frå den vart gjeldande.
Etter personvernforordninga vart gjeldande har formålet for gruppa framleis vore å ivareta innbyggjarens informasjonssikkerheit og personvern. Dette gjerast gjennom erfarings- og kunnskapsdeling i faggruppa. Faggruppa er ein arena for diskusjonar av utfordrande saker i kommunane, samt felles forståing for analyser som må gjennomførast og malar som må brukast.
Organisering
Alle kommunar i regionen er invitert til å delta i faggruppa, som er koordinert av Bergen kommune.
Aktivitetar
Faggruppa har faste møte fire gongar i året, og har organisert treffpunkt utanfor faste faggruppemøte for å arbeide med sakar og aktivitetar.
Presentasjonar og saksunderlag
Her vil vi leggje ut presentasjonar og saksunderlag som er brukt i samlingane til faggruppa og i forbindelse med ulike prosjekt og tiltak som faggruppa jobbar med.
Aktuelt
Informasjonsvideoar
Digi Vestland har utarbeidd nokre informasjonsvideoar med fokus på personvern og informasjonstryggleik. Føremålet er å skape medvit og ei overordna forståing hjå alle tilsette i kommunen kring desse tema.
Webinarer og andre møtearenaer
Kontakt
Kontaktperson
Siri Fjukstad
telefon: 40813885
e-mail: siri.fjukstad@bergen.kommune.no
Gruppemedlemmer
Faggruppa består av representantar frå kommunane i Digi Vestland. Klikk her for å sjå oversikta over kommunane som er representert.
Kalender
Faggruppe for informasjonssikkerheit og personvern sin kalender
Her finn du oversikta over tidlegere og kommande samlinger i Faggruppe for informasjonssikkerheit og personvern. Klikk på den enkelte kalenderoppføringa for detaljer og sakspunkt. For å sjå aktivitetar langt fram i tid må du trykke på "Søk etter fleire" eller bla deg nedover i kalenderen for at oppføringane skal bli synlege.
Ønskjer du å sjå oppføringane direkte i kalenderen din? Hald deg oppdatert ved å importere kalenderen vår til ditt egne kalenderprogram. Om du brukar Google treng du berre å trykke på Google Caneldar-symbolet nede til høgre i kalendervindauget. Outlook-brukarar kan lese meir om framgangsmåten her.
Lenke for påmelding til kommande samlingar
Sist oppdatert: 22. februar 2022