Aktuelt

Her finn du aktuelle sakar fra faggruppa for informasjonssikkerheit og personvern

Fellesprosjekt informasjonstryggleik og personvern

Norske kommunar behandlar ei rekkje personopplysningar og forvaltar samfunnskritiske løysingar. Informasjonstryggleik er viktig i nærast alle tenestene kommunen tilbyr. Kontroll med personvern og informasjonstryggleik er ein føresetnad for digitaliseringa og eit godt tenestetilbod i norske kommunar. Det er krevjande i ei tid med stadig utvikling i trusselbiletet kommunane står ovanfor.

Uønska hendingar kan få store praktiske konsekvensar for tenestetilbodet, økonomiske konsekvensar i form av gebyr og påverke kommunens omdømme negativt. Ei rekkje generelle og sektorspesifikke regler stiller strenge krav til korleis og kva kommunane skal gjere for å sikre personvern og informasjonstryggleik. Blant anna har vi fått eit strengare personvernregelverk (GDPR) og ny sikkerheitslov.

Vi er kjent med at mange kommunar har satt i gang tiltak basert på informasjon og anbefalingar gitt av KS i inneverande år. Like fullt opplever vi at fleire tilkjennegir eit ønskje om større grad av samhandling, felles kompetansebygging og utarbeiding av tiltak på tvers av kommunane.

Gjennom å forene krefter i eit felles prosjekt kan vi saman sikre at kommunane i Digi Vestland oppfyller regulatoriske krav, dekker nødvendig personvern- og informasjonstryggleiksbehov og er rusta for å handtere uønska hendingar. Arbeidet vil bli gjennomført med utgangspunkt i tre forhold:

· Regulatoriske rammevilkår som personopplysningsloven, eforvaltingsforskrifta og dens krav, sikkerheitsloven og andre fagspesifikke områdekrav (til dømes helse)

· Anbefalingar frå KS knytt til ulike rollar

· Anerkjente standardar, blant anna Nasjonal Sikkerheitsmyndigheit (NSM) sine grunnprinsipp for IKT-sikkerheit

Derfor inviterer Digi Vestland til eit felles prosjekt der målsetninga er å utforme nødvendige anbefalingar og tiltak som skal gje regional nytte for heile Digi Vestland, og lokale tiltak i den enkelte kommune.

Er du interessert i å delta?

For nærare informasjon, kontakt leiaren for faggruppa.

Prosjektet er planlagt å starte opp til hausten. Du kan melde din interesse no via skjema til venstre, og vil bli kontakta når det nærmar seg oppstart.