Andre aktivitetar
Framside / Faggrupper / Faggruppe for IT drift / Andre aktivitetar
Her finn du ei oversikt oversikt over tidlegare aktivitetar arrangert av faggruppe for IT drift
Webinar saman med Microsoft om M365
Ettersom fleire kommunar i Vestland har tatt i bruk eller er i ferd med å ta i bruk Microsoft 365 (Office 365) inviterer Digi Vestland til ei digital samling om Microsoft 365. Samlinga gjennomførast i samarbeid med Microsoft. Den består av sju sesjonar der dei ulike sesjonane kan vere relevant for forskjellige personar i kommunen. Det kan være ressursar som arbeidar med blant anna:
Digitalisering
Drift og forvaltning av Microsoft 335 (Office 365)
Innføring, bruk og opplæring knytta til Microsoft 365 (Office 365)
Det var mogleg å gå inn og ut av møtet for å få med seg dei relevante sesjonane. Presentasjonane er tilgjengeleg under.
Tips: Trykk på pila øvst til høgre for å opne presentasjonane i full skjerm.
Invitasjon IT sikkerheitsrevisjon
Styringsgruppa for Digi Vestland har oppfordra Bergen kommune (EDD) til å invitere kommunane i Vestland til å ta del i Bergen kommunes anskaffing av IT sikkerheitsrevisjon for 2020. Sjå invitasjon invitasjonen som vart sendt ut under for meir informasjon. Tiltakets aktualitet blei også tilkjennegitt frå fleire av kommunane som deltok i webinaret om Bergen kommunes arbeid med heilskapleg gjennomgang av personvern og informasjonssikkerheit 9. september. Frist for å delta er fredag 25. september 2020.
Sist oppdatert: 5. november 2021