Etablering av regional arbeidsgruppe for personvern og informasjonstryggleik i oppvekstsektoren

Framside / Faggrupper / Fagnettverk for oppvekst / Aktuelt / Etablering av regional arbeidsgruppe for personvern og informasjonstryggleik i oppvekstsektoren

Bakgrunn

Fagnettverket for Oppvekst er eit samarbeid i Digi Vestland, og skal bidra til eit kollektivt løft i digitaliseringsarbeidet innafor oppvekstområdet. Fagnettverket er under reetablering våren 2021. Alver, Bømlo, Vaksdal, Stad og Bergen kommune vil fungere som arbeidsutval for fagnettverket, på vegne av KS sitt lokale AU for kommunaldirektørar/oppvekstsjefar.

Formålet med fagnettverket er å vere ei arena for kompetansebygging innan fagområdet, vere ein aktiv bidragsytar/premissgivar inn i det nasjonale arbeidet, og auke gjennomføringsevne og utbreiing av nasjonale prosjekter og prosessar. Fagnettverket vil i første omgang ha særleg vekt på Handlingsplan for digitalisering i grunnopplæringa.

Handlingsplanen inneheld fire fokusområde, der personvern og informasjonstryggleik er eitt av dem. Basert på innspel frå kommunalsjefar på oppvekstområdet i Vestland, har fagnettverkets arbeidsutval prioritert dette området som fagnettverkets første aktivitet. Det settast derfor ned ei arbeidsgruppe som skal jobbe vidare med temaet på vegne av fagnettverket.

Kvifor delta i arbeidsgruppa?

Deltakelse i arbeidsgruppa vil gje din kommune moglegheit til å:

Kven kan delta?

Alle kommunar i Digi Vestland vil få moglegheit til å melde sin deltaking i arbeidsgruppa. For å sikre effektivt arbeid i gruppa ser vi det hensiktsmessig at gruppa ikkje overstigar 7 deltakarar. 

Vi ønskjer derfor at kommunane meldar på sine ressurspersonar, så vil fagnettverkets arbeidsutval prioritere deltaking basert på behov.

Ønskjer din kommune å delta?  Ta kontakt med Malin Marøy (malin.maroy@bergen.kommune.no). 


Sist oppdatert: 14. oktober 2021