Fagnettverk for oppvekst etablerer ny arbeidsgruppe

Framside / Faggrupper / Fagnettverk for oppvekst / Aktuelt / Fagnettverk for oppvekst etablerer ny arbeidsgruppe

Fagnettverk for oppvekst er eit samarbeid innan Digi Vestland, og skal bidra til eit kollektivt løft i digitaliseringsarbeidet innafor oppvekstområdet. Fagnettverket er under reetablering våren 2021. Alver, Bømlo, Vaksdal, Stad og Bergen kommune vil fungere som arbeidsutval for fagnettverket, på vegne av KS sitt lokale AU for kommunaldirektørar/oppvekstsjefar.

Formålet med fagnettverket er å vere ein arena for kompetansebygging og erfaringsdeling innafor fagområdet, vere ein aktiv bidragsytar/premissgivar inn i det nasjonale arbeidet, og auke gjennomføringsevne og utbreiing av nasjonale prosjekt og prosessar. Fagnettverket vil i første omgang ha særleg vekt på Handlingsplan for digitalisering i grunnopplæringa.

Handlingsplanen inneheld fire fokusområde, der personvern og informasjonstryggleik er eitt av dei. Basert på innspel frå kommunalsjefar på oppvekstområdet i Vestland har fagnettverkets arbeidsutval prioritert dette området som fagnettverket sin første aktivitet. Det har derfor blitt satt ned ei arbeidsgruppe som skal jobbe vidare med temaet på vegne av fagnettverket.

Alle kommunar i Digi Vestland blei bedt om å melde sin interesse for deltaking i arbeidsgruppa, og basert på innkommande søknadar har arbeidsutvalet plukket ut åtte deltakarar, frå Alver, Askøy, Bergen, Bjørnafjorden, Stord, Tysnes, Ullensvang og SySIKT (IKT-samarbeid mellom åtte kommunar i tidlegare Sogn og Fjordane).

Arbeidsgruppa vil ha to møter i løpet av juni for å bli betre kjent med området og for å planlegge arbeidsgruppa sine aktivitetar etter sommarferien.

Har du spørsmål om etableringa av arbeidsgruppa eller fagnettverket sine aktivitetar, ta gjerne kontakt med fagnettverket sin koordinator: malin.maroy@bergen.kommune.no 

Sist oppdatert: 14. oktober 2021