Ope møte om ny digitaliseringsstrategi
Framside / Faggrupper / Faggruppe for oppvekst / Aktuelt / Ope møte om ny digitaliseringsstrategi
Faggruppe for oppvekst inviterer til eit ope møte om ny digitaliseringsstrategi for barnehage og skule. Møtet er første høve til å gi innspel til kva og korleis DigiVestland skal prioritere oppfølginga av strategien.
Tidspunkt: fredag 2. juni kl. 08.00
Møtet er ein del av faggruppa sitt faste månadlege møte om digitalisering i oppvekstsektoren som finn stad første fredag kvar månad.
Dagsorden
08.00 Velkommen og innleiing
08.05 Presentasjon av ny digitaliseringsstrategi v/ Lene Karin Wiberg (KS)
08.45 Samtale i grupper (break-out rom)
09.20 Slutt
Førebuingar
På møtet skal vi følgje opp ny digitaliseringsstrategi, og gi innspel til kva og korleis DigiVestland skal prioritere i oppfølginga av strategien. Som førebuing til møtet ber vi de gjere følgjande:
Les gjennom Strategi for digital kompetanse og infrastruktur i barnehage og skule. Du finn strategien her.
Diskuter med kollegaer i eigen kommune og vel 3-5 ambisjonar med tilhøyrande tiltak frå strategien de meiner er viktige, i prioritert rekkefølgje.
Diskuter med kollegaer i eigen kommune korleis du og kommunen din kan bidra inn i DigiVestland for å realisere strategien.
Førebu eit skriftleg og munnleg rekkjeframlegg av svara dine på 2 og 3 til møtet.
Har du spørsmål om møtet eller faggruppa sine aktivitetar, ta gjerne kontakt med koordinator i faggruppa: steinar.hjelset@karabin.no
Sist oppdatert: 14. oktober 2021