Plan for hausten 2022

Regionen har eit aukande behov for kompetanse som kan bidra til digitalt skifte og auka gevinstrealisering inn mot innovasjon og endrings arbeid. Faggruppa for tjenestedesign har ein viktig rolle i dette, og skal bidra med design og gjennomføring av gode prosessar som optimaliserar og leggjer til rette for betre gevinstrealisering. Faggruppa planleggjar no eit opplæringsløp med mål om å byggje ein grunnmur av kompetanse og eit sterkare regionalt fagmiljø. Opplæringsløpet startar opp i september/ oktober 2022.

Målet med opplæringa er at deltakarane skal sitte igjen med kompetanse som vurderast naudsynt for å gjennomføra gode prosessar i høve til innsiktsarbeid, involvering, gjennomføring, testing og implementering av nye tenester/ og – eller nye måtar å jobbe på. Kompetansehevinga skal skje gjennom ein blanding av teori og praksis der det jobbes på reelle prosjekt frå Digi Vestland og-/eller kommunane.

Det er sendt ein skrifteleg henvending til medlemskommunane om å sende inn forslag til prosjekt som kan væra aktuelle som caser.

Val av prosjekt vil bli vurdert av faggruppa i tett samarbeid med sekretariatet i Digivestland. Krav til prosjekt som blir vurdert er at prosjekta:

· Må ha eit eller fleire tydelege mål

· Omhandle tenesteutvikling eller prosessar som påvirker innbyggere og -eller ansatte.

· Tiltak for å nå mål må være ukjent

· Faggruppa må ha ein reell påverkningsmogelegheit i prosjektet

Mogelegheit for påmelding og deltaking i sjølve programmet sendes ut i ein eigen mail når dato for oppstart er bestemt