Workshop i fagnettverket februar 2022

Den 11. februar 2022 vart det gjennomført ein workshop i fagnettverket. Nye og gamle medlemmar vart invitert, og til saman deltok 25 personar fordelt på 15 kommunar. Deltakarane hadde variert fagbakgrunn, noko som bidrog til mangfald og ulike perspektiv. Oppsummeringa av workshopen syner ei felles forståing av at utviklings- og endringsarbeid er krevjande å stå i og å opparbeide seg nødvendig kompetanse innafor aleine, og at fleire kommunar i samarbeidet har begrensa ressursar tilgjengeleg til dette. Fagnettverket representerar difor ein arena som gjer det mogleg å byggja ein grunnmur av kompetanse som fellesskapet kan nyte godt av, og at dette vil ha positiv effekt sett mot prosessgjennomføring og gevinstrealisering ved endrings- og utviklingsoppgåver. Det jobbast no med å planleggje aktivitetar og møtedatoar for 2022.