Faggruppe for verksemds-arkitektur
Framside / Faggrupper / Faggruppe for verksemdsarkitektur
Om Faggruppe for verksemdsarkitektur
Bakgrunn og formål
Digi Vestland ønskjer å løfte den samla regionale kompetansen innanfor verksemdarkitektur i digitaliseringsprosjekta. Føresetnaden for å få til det er at kommunane har ei felles forståing av kva verksemdarkitektur er og korleis kvar enkelt kommune kan praktisere det. Formålet med å ha ein godt skildra og omforent verksemdarkitektur er å realisere enkeltløysingar i ein heilskapleg samanheng.
Organisering
Alle kommunar i regionen er inviterte til å delta i faggruppa, som er koordinert av Bergen kommune.
Aktivitetar
Faggruppa møtast fast fire gongar i året. I tillegg jobbar gruppa i enkeltprosjekt for kommunane, og med større initativ opp mot Digi Vestland og KS nasjonalt.
Presentasjonar og saksunderlag
Her vil vi leggje ut presentasjonar og saksunderlag som er brukt i samlingane til faggruppa og i forbindelse med ulike prosjekt og tiltak som faggruppa jobbar med.

Aktuelt
Video: Verksemdsarkitektur i kommunal sektor
Digi Vestland har utarbeidd ein video som beskriv verksemdarkitektur i kommunal sektor. Sjå videoen til høgre. Ved å trykke på fullskjerm nedst i høgre hjørne kan du sjå videoen på full skjerm.
I 2021 starta det opp eit regionalt innføringsprosjekt for å hjelpe kommunar å kome i gang med verksemdarkitektur.
Prosjektrapport for fellesprosjektet
Det er utarbeida ein prosjektrapport frå prosjektet som vart gjennomført våren 2021. Les rapporten og sjå oppdatert materiell her.
Medlemmar og kontaktinformasjon
Leiar av faggruppa
Medlemmar i faggruppa
Faggruppa består av representantar frå kommunane i Digi Vestland. Klikk her for å sjå oversikta over medlemmane.
Kalender
Faggruppe for virksomhetsarkitektur sin kalender
Her finn du oversikta over tidlegare og kommande samlingar i Faggruppe for verksemdsarkitektur. Klikk på den enkelte kalenderoppføringa for detaljar og saksdokument. For å sjå aktivitetar langt fram i tid må du trykke på «Søk etter fleire» eller bla deg nedover i kalenderen for at oppføringane skal bli synlege.
Ønskjer du sjå oppføringane direkte i kalenderen din? Hald deg oppdatert ved å importere kalenderen vår til ditt eige kalenderprogram. Om du brukar Google treng du berre å trykke på Google Calendar-symbolet nede til høgre i kalendervindauget. Outlook-brukarar kan lese meir om framgangsmåten her.
Lenke for påmelding til kommande samlingar
Sist oppdatert: 13. februar 2022