Aktuelt

Her finn du aktuelle sakar frå faggruppa for verksemdsarkiektur

Verksemdsarkiektur i Digi Vestland

Vinteren 2020 starta eit prosjekt for verksemdsarkitektur i Digi Vestland. Hovudleveransane i prosjektet var ein metamodell og ei innføringshandbok som saman skal hjelpe kommunar med å kome i gang med verksemdsarkitektur i eigen kommune. Metamodellen og innføringshandboka blei testa fleire gangar i prosjektperioden, både gjennom pilotgjennomføringar og ei verifikasjonsgjennomføring.

I januar 2021 arrangerte Digi Vestland eit regionalt innføringsprosjekt der alle kommunane i Vestland blei invitert til å delta. Prosjektet er planlagt avslutta i månadsskiftet mai/juni 2021. Målet har vore at kommunar skal kome i gang med arbeidet med verksemdsarkitektur i løpet av prosjektperioden. Prosjektet har lagt vekt på å vere systemuavhengig slik at kommunar ikkje skal måtte foreta seg nokon anskaffingar for å kome i gang. I perioden frå januar til mai har alle kommunane følgt same prosjektplan og jobba mykje lokalt i eigen kommune. Prosjektet har hatt statusmøte kvar andre veke for å diskutere utfordringar, dele erfaringar og lære av kvarandre. Ved prosjektets avslutning vil det utarbeidast ein prosjektrapport som leggjast ut her.


«Verksemdsarkitektur er sentralt i arbeidet med planlegging, endring og utvikling i kommunane. Innføringsprosjektet har ført til god innsikt og metodikk for arbeid med arkitektur. Innføringshandboka er eit godt verkemiddel for å standardisere korleis arkitekturen skal teiknast, slik at vi alle snakkar same språk. Prosjektet har òg ført til auka samhandling og deling mellom arkitekturressursar i kommunane»

Tilbakemelding frå ein deltakar i prosjektet

Kvifor jobbe med verksemdsarkitektur?

Ved å jobbe med verksemdsarkitektur gjer kommunane det enklare å kommunisere eit heilskapleg bilete av organisasjonen. Denne oversikta kan gje betre innsikt, som igjen førar til at kommunen kan ta betre avgjerder, til dømes knytt til endringar. Arkitekturen kan brukast som eit verktøy når tenester skal utviklast, system skaffast eller prosjekter startast. Gjennom arkitekturen kan kommunen sjå korleis endringar treffer, kven ein bør snakke med og kor ein må sikre samanhengar. For meir informasjon, så video her.

Korleis kome i gang?

Innføringshandboka beskriver korleis du kan kome i gang med arbeidet i eigen kommune. All dokumentasjon er tilgjengeleg og mogleg å laste ned her. Har du spørsmål? Ta kontakt med leiar for faggruppa, du finner informasjon her.