Fellesprosjekt for ePlansak og eByggesak

Kvart år sender privatpersonar eller profesjonelle aktørar ca. 100 000 byggesøknadar til kommunane. Digitalisering er ein nødvendig og viktig drivar for å sikre kvalitet, redusere sakshandsamingstida og bidra til auka produktivitet i sektoren. Nasjonal produktspesifikasjon for plan- og byggesaker har etablert ein nasjonal standard som angir minimumskrav til fagsystem for plan- og byggesaksbehandling inklusiv kommunalt planregister.

Digi Vestland si faggruppe for plan, bygg og geodata har deltatt i arbeidet med produktspesifikasjon i regi av KS, og har tidlegare kartlagt kommunanes planar for anskaffing av eByggesak/ePlansak. Våren 2021 har faggruppa arrangert to webinarar. Det første webinaret (26. januar) presenterte status for den nasjonale produktspesifikasjonen, medan det andre webinaret (28. april) var ein live demo av tre ulike leverandørar sine løysingar for eByggesak/ePlansak.

På bakgrunn av dette etablerer Digi Vestland no eit fellesprosjekt for kommunar som ønskjer eller som er i anskaffingsprosess av løysing for eByggesak/ePlansak. Prosjektet har som formål å støtte og koordinere innføringa av nye fagsystem for plan- og byggesaksbehandling i regionen, og gjennom det bidra til ein meir effektiv innføring av løysingane for kommunane i Vestland. Dette skal styrke kommunane i regionen som bestillarar, auke tilgjengeleg kapasitet og kompetanse i anskaffingsprosessane, samt sikre effektiv og sikker innføring av nye fagsystem.

Prosjektet starta hausten 2021, og er no i planleggingsfasen. Prosjektet jobbar med å opprette samarbeid med kommunar som er i anskaffing og innføring av nye fagsystem. I tillegg blir det jobba med å opprette digital dialog/kontakt med kommunar som har vore i gjennom anskaffing og innføring av nye fagsystem for å få erfaring og kunnskap.

Har du spørsmål til prosjektet eller ønskjer å bidra? Ta gjerne kontakt med prosjekteigar Arne Magne Håvardstun (arne.havardstun@bergen.kommune.no) eller prosjektleiar Erik Thillmann (erik.thillmann@bergen.kommune.no).