Faggruppe for plan, bygg og geodata kartlegg erfaringar av digitale søknadsløysingar

Sidan hausten 2018 har profesjonelle og privatpersonar kunne sende inn digitale byggesøknadar til kommunen gjennom digitale søknadsløysingar. Dei digitale søknadsløysingane skal gjere det enklare å sende inn komplette søknadar, gje raskare sakshansamling og sikre likebehandling.

Dei nasjonale søknadsløysingane blir sendt inn via den digitale regelverksplattforma Fellestjenester BYGG. Plattforma kontrollerer søknadane mot nasjonale sjekklister for byggesak som er utarbeida av Direktoratet for byggkvalitet (DiBK), og sender søknaden til rett kommune. Dermed blir det enklare å levere komplette byggesøknadar til kommunen.

Figur 1: Fellestenester bygg

Fleire aktørar har tatt i bruk digitale søknadar, og Digi Vestland sin faggruppe for plan, bygg og geodata (lenke) ønskjer no ein tilbakemelding frå kommunar på kva erfaringar bruken av slike søknadsløysingar gjer.

Derfor sendast det i desse dagar ut eint spørjeundersøking til kommunane i Digi Vestland som skal kartleggje erfaringar og forbetringar av dei digitale søknadsløysingane. Basert på innspela vil faggruppa gje ein samla tilbakemelding til DiBK for det vidare arbeidet med dei nasjonale sjekklistene.

Faggruppa håper at samtlege kommunar i Digi Vestland ønskjer å bidra!