Nettverk for digitalt planregister
Framside / Faggrupper / Faggruppe for plan, bygg og geodata / Nettverk for digitalt planregister
Faggruppe for plan, bygg og geodata har sett eit behov for å opprette eit nettverk for samhandling og kunnskapsdeling om digitale planregister. Fullstendige planar og planregister er ein sentral brikke i grunnmuren for gode digitale tenester innafor plan, bygg og geodataområdet. Herunder vil det vere viktig å arbeide med effektivisering av overlevering frå arkiv/fagsystem til digitalt planregister.
Fleire kommunar i regionen planlegg og er i gang med enten å oppdatere eller skaffe ny versjon av digitalt planregister. Nasjonalt arbeidast det med å forbetre felles produktspesifikasjonar for anskaffing av eByggesak og ePlansak, som også vil innebere at kommunane har oppdaterte digitale planregister. Dette har ført til eit behov for å opprette eit nettverk for å dele kunnskap og erfaringar om digitalt planregister.
Nettverket består av kart- og planressursar frå deltakande kommunar og blei starta i september 2020. Det er foreløpig satt opp månadlege møte som finner sted på Teams. Sjå kalender under for nærare informasjon om nettverkets møtetider.
Alle kommunar i Vestland er velkomen til å ta del i nettverket – for deltaking kan Sven Selås Kallevik v/Øygarden kommune kontaktast.

Kontakt
Leiar for nettverket
Sven Selås Kallevik
sven.kallevik@oygarden.kommune.mo
Sist oppdatert: 22. februar 2022