Fagnettverk for oppvekst
Framside / Portefølje /Faggrupper / Fagnettverk for oppvekst
Om Fagnettverk for oppvekst
Bakgrunn og formål
Digi Vestland ønskjer å lyfte den samla kompetansen innanfor digitalisering av oppvekstfeltet, samt å dele kompetanse, erfaringar og gode løysingar. Fagnetverket skal vere kopla på nasjonale prosjekt og prosessar, særleg med vekt på handlingsplan for digitalisering i grunnopplæringa (Kunnskapsdepartementet).
Organisering
Fagnettverket er leia av eit arbeidsutval beståande av representantar frå KS sitt kommunalsjefnettverk på oppvekstområdet. Arbeidsutvalet skal prioritere aktivitetar gjennom etablering av arbeidsgrupper på spesifikke tema/fagområde.
Aktivitetar
Fagnettverket har i første omgang etablert ei arbeidsgruppe for personvern og informasjonstryggleik. Det vil bli etablert nye arbeidsgrupper på andre tema/fagområder etter behov og kapasitet.
Presentasjonar og saksunderlag
Her vil vi leggje ut presentasjonar og saksunderlag som er brukt i fagnettverket sine samlingar og i samband med ulike prosjekt og tiltak gruppa jobbar med.

Aktuelt
Engasjement rundt rettleiarpilot i skulen
Aktuelt
Her vil du etter kvart finne aktuelle sakar frå fagnettverket.
Kontakt
Ole Ekroll
fagnettverksleiar
telefon: 97033163
e-post: ole.ekroll@bergen.kommune.no
Steinar Hjelset
koordinator
telefon: 47824264
e-post: steinar.hjelset@karabin.no
Medlemmer i fagnettverket
Alle kommunane i Vestland er inviterte til å delta i fagnettverket. Alver, Bergen, Bømlo, Stad og Vaksdal vil fungere som fagnettverket sitt arbeidsutval.
Kalender
Fagnettverk for oppvekst sin kalender
Her finn du oversikta over tidlegare og kommande samlingar i fagnettverket for oppvekst. Klikk på den enkelte kalenderoppføringa for detaljar og saksdokument. For å sjå aktivitetar langt fram i tid må du trykke på «Søk etter flere» eller bla deg nedover i kalenderen for at oppføringane skal bli synlege.
Ønskjer du sjå oppføringane direkte i kalenderen din? Hald deg oppdatert ved å importere kalenderen vår til ditt eige kalenderprogram. Om du brukar Google treng du berre å trykke på Google Calendar-symbolet nede til høgre i kalendervindauget. Outlook-brukarar kan lese meir om framgangsmåten her.
Lenke for påmelding til kommande samlingar
Sist oppdatert: 5. november 2021