Regionalt digitaliserings-nettverk for HR

Om Regionalt digitaliseringsnettverk for HR

Bakgrunn og formål

Digitaliseringsnettverket for HR skal utvikle innovative løysingar og bidra til å transformere HR-området i kommunal sektor. Omstilling gjennom digitalisering og heving av den digitale kompetansen står sentralt i arbeidet. Målet er å realisere gevinstar for HR-området spesielt og for kommunane generelt.

Organisering

Kjerna i faggruppa består av representantane frå kommunane i Digi Vestland. Gruppa veljer sin eigen leiar for eitt år av gangen, og har i tillegg ein programkomité som utarbeidar program for samlingane. Arbeidsgrupper blir oppretta ved behov.

Aktivitetar

Faggruppa skal ha minst fire fellessamlingar i året. Ut over dette jobbar medlemmane både sjølvstendig og i grupper for å gjennomføre tiltak og prosjekt.

Presentasjonar og saksunderlag

Her vil vi leggje ut presentasjonar og saksunderlag som er brukt i samlingane til faggruppa og i forbindelse med ulike prosjekt og tiltak som faggruppa jobbar med.

20190514 Mandat for regionalt digitaliseringsnettverk for HR.pdf

Medlemmar og kontaktinformasjon

Leiar av faggruppa

Trude Damm

telefon: 952 65 954

e-post: trude.damm@bergen.kommune.no

Medlemmar i faggruppa

Faggruppa består av representantar frå kommunane i Digi Vestland. Klikk her for å sjå oversikta over medlemmane.

Kalender

Kalenderen til Regionalt digitaliseringsnettverk for HR

Her finn du oversikta over tidlegare og kommande samlingar i det regionale digitaliseringsnettverket for HR. Klikk på den enkelte kalenderoppføringa for detaljar og saksdokument. For å sjå aktivitetar langt fram i tid må du trykke på «Søk etter flere» eller bla deg nedover i kalenderen for at oppføringane skal bli synlege.

Ønskjer du sjå oppføringane direkte i kalenderen din? Hald deg oppdatert ved å importere kalenderen vår til ditt eige kalenderprogram. Om du brukar Google treng du berre å trykke på Google Calendar-symbolet nede til høgre i kalendervindauget. Outlook-brukarar kan lese meir om framgangsmåten her.