til ,
Korleis kan vi bruke eksisterande data til å få betre oversikt over bustadbyggemønster og bustadreserver i eigen kommune
Arrangør: DigiVestland | [Målgruppe: alle i Vestland som er interesserte i plan, bygg og geodata] |
|---|
Bergen, Voss og Øygarden kommune i DigiVestland har saman med Vestland fylkeskommune vidareutvikla eit verktøy som allereie er i bruk i Øygarden kommune.
Prosjektet har utvikla ei første minimumsløysing som bruker matrikkelen og data frå gjeldande planar. Løysinga er laga saman med pilotkommunane og med masterstudentar, og gir eit felles grunnlag for dialog mellom kommunar og regionale myndigheiter. Eit dashbord er allereie tilgjengeleg for heile Vestland.
I dette webinaret deler vi kva vi har lært så langt, både om metoden og om samarbeidet. Vi vil også gjerne høyre kva de som jobbar med plan, bygg og geodata meiner bør vere neste steg.
Erfaringsdelinga er open for alle interesserte, anten de jobbar i kommune, fylkeskommune, stat eller anna. Kom og lytt, still spørsmål og bli med på å forme vidare utvikling.
| Ikon som illustrerer filtype | Filnavn | Filstørrelse | Datofil ble lastet opp |
|---|
Publisert
Besøksadresse
Rådhusgaten 10
5014 Bergen, Norway
Ansvarlig redaktør: Lars Longva
Daglig leder: Simen Soltvedt
Meld deg på Digivestlands nyhetsbrev