• Arrangement
  • Temamøte

Temamøte: Min kommune - Barnevern og Sikker chat

Onsdag 6. mai kl. 12.00 til 13.00, digitalt

KS Digital gir ei oppdatering om status for Min kommune - Barnevern og Sikker chat.

Målgruppe: Digitaliseringsressursar, barnevern, innbyggjarkontakt/-involvering, mobbeombod m.m.

KS Digital gir ei oppdatering om status på to område:

KS Min kommune – barnevern er ei digital innbyggjarteneste som bidreg til auka tillit og betre tilgjenge for dei som har ei sak hos barnevernet. Tilsette i barnevernet administrerer innhaldet i Min kommune – barnevern gjennom sitt fagsystem. Her har dei full kontroll over kva som blir delt med kven i kvar einskild barnevernssak.

Kort om løysinga, gevinstar for barnevernstenesta og samfunnet generelt, og erfaringar frå Trondheim kommune.

KS Sikker chat er ei sikker løysing for meldingsutveksling mellom innbyggjarar og tilsette i kommunar og fylkeskommunar. Løysinga vil først bli rulla ut for det kommunale barnevernet med høgt tryggleiksnivå, og deretter for andre tenesteområde, både med strenge tryggleikskrav og mindre sensitive område.

Vi fortel om innsikta vi har fått sidan sist for KS Chat, kva for område det er aktuelt å levere den til, og status på levering. Vi kjem òg til å gi ei vising av løysinga.

Vi tek spørsmål undervegs.

Beredskap i økosystemet barnevern.

 

Nyttige lenker:
KS Digital - KS Min kommune - barnevern Lenke til et annet nettsted, åpnes i nytt vindu.

KS Digital - Sikker Chat Lenke til et annet nettsted.

Filer tilgjengelige for nedlasting
Ikon som illustrerer filtype Filnavn Filstørrelse Datofil ble lastet opp
  • Per-Arne Hoff Rådgivar i sekretariatet (50%) E-post 40 20 22 00

Publisert

Fann du det du leita etter?

Besøksadresse
Rådhusgaten 10
5014 Bergen, Norway

Ansvarlig redaktør: Lars Longva
Daglig leder: Simen Soltvedt

 

Meld deg på Digivestlands nyhetsbrev