Digitaliseringstenester september

10.september kl. 12-14

Målgruppe del 1: Kontaktpunktet + fagpersonar i kommunane som jobbar med temaa under
Målgruppe del 2: Målgruppe: Kontaktpunkt

Agenda

Nokre av sakene har vedlegg som er lenkja til i teksta.

12:00 Temasaker

Målgruppe: Kontaktpunktet + fagpersonar i kommunane som jobbar med temaa under.

Tider for sakene er ca. tider. Kom derfor inn i møtet litt før oppsett tid.

12.00 - 12.20

 

 

Min kommune – barnevern

KS digital informerer omutbreiingsaktivitetar, status for løysinga og vidare planar for medlemskommunane. Temaet er relevant for dei som jobbar med tryggleik, personvern, IT-drift, barnevernleiing/ strategisk leiing og barneverntilsette.

 

12.20 - 12.40

 

 

Innføringsplan for digitale fellestenester

KS Digital informerer og ønskjer å få innspel frå kommunane om kva behov dei har når nye produkt og tenester skal innførast i kommunane. Temaet er relevant for digitaliseringsressursar, IKT-drift, prosessleiarar og porteføljeansvarlege.

 

12.40- 12.55

 

 

KI-lov- høyring

Digitaliserings- og forvaltingsdepartementet (DFD) sende 30. juni 2025 ut forslag til ny lov om kunstig intelligens (KI-lova) på høyring. Høyringsfrist er 30.september. Oslo er einaste kommunen som er sett som høyringsinstans. Bergen kommune har likevel utarbeidd eit høyringssvar Lenke til et annet nettsted., og vil i møtet seia noko om hovudpunkta i svaret, og dessutan svara på eventuelle spørsmål.

 

13:00 Arena for kontaktpunkt

Målgruppe: Kontaktpunkt

  1. Nytt frå nasjonale og regionale prosessar. M.a. saker frå andre faste fora i samstyringsstrukturen
  2. Treng kvar kommune sin eigen digitaliseringsstrategi? Korleis har kommunane i samarbeidet styrt digitaliseringa og er det rett medisin? Vi kan òg snakka litt om “80% digitaliseringsstrategi” Lenke til et annet nettsted. der DigiViken inviterer til erfaringsdeling med mål å få opp ein 80% digitaliseringsstrategi som kan vera ein «plukkliste/startpunkt» for dei som skal jobba med å få på plass ei digitalisering strategi
  3. Gjennomgang av prinsipp for DigiVestland sin portefølje, samt forberedelser til neste år
  4. Oppsummering frå dialogmøta med kommunane i august
  5. Eventuelt

Kontakt

Per-Arne Hoff
E-post: Per-Arne.Hoff@bergen.kommune.no

Filer tilgjengelige for nedlasting
Ikon som illustrerer filtype Filnavn Filstørrelse Datofil ble lastet opp

Publisert

Fann du det du leita etter?

Besøksadresse
Rådhusgaten 10
5014 Bergen, Norway

Ansvarlig redaktør: Lars Longva
Daglig leder: Simen Soltvedt

 

Meld deg på Digivestlands nyhetsbrev