Personellsikkerheit i praksis med Espen Mærli
Dato: 14. oktober
Tidspunkt: 12.00-13.00
Sted: Digitalt
Målgruppe: Leiarar
Foredragshaldar: Espen Mærli, Daglig leier frå Semac AS
Vi tenkjer ofte på truslar som noko som kjem utanfrå. Men kva om risikoen allereie er innanfor verksemda sine eigne vegger? Dette foredraget handlar om insidetrusselen – tilsette, innleigde eller tidlegare medarbeidarar som medvite eller umedvite set verdiar, data og omdømme i fare. Du får innsikt i kvifor personelltryggleik må vera ein integrert del av tryggingsarbeidet – ikkje berre ved tilsetjing, men gjennom heile arbeidsforholdet. Korleis kan du vera trygg på kven du tilset? Og korleis kan du oppdaga når nokon går frå å vera ein ressurs til å bli ein risiko? Med praktiske døme og konkrete råd viser me korleis du kan redusera risiko, styrkja tryggingskulturen og ta tryggare val i ein stadig meir uføreseieleg trusselsituasjon.
| Ikon som illustrerer filtype | Filnavn | Filstørrelse | Datofil ble lastet opp |
|---|
Publisert
Besøksadresse
Rådhusgaten 10
5014 Bergen, Norway
Ansvarlig redaktør: Lars Longva
Daglig leder: Simen Soltvedt
Meld deg på Digivestlands nyhetsbrev