
Diginettverka er med som arrangør når vi samlar kommunane til felles øving i ei digital hending i Bergen 13. – 14. januar 2026. «Øving – i ein digital kvardag» inviterer kommunane våre til å ta med heile kriseleiinga til ei ferdig levert oppgåve. Øv saman og få rikeleg med fagleg påfyll frå innlegg og føredrag rundt øvinga.
Statsforvaltar, KS og kommunane har registrert at sjølv om det blir mykje øving i samband med totalforsvarsåret, så er det få planar om å øva på «reine» digitale angrep. Phishing og løysepengar, data som blir selde på det mørke nettet, tilsette som er kompromitterte – alt dette er truslar vi lever med dagleg, men som ikkje mange kommunar øver på. Derfor vil vi øva!
I Bergen er dei viktigaste samarbeidspartnarane til kommunane samla på eit og same stad. Dreiebok og statistar er klare for ei øving i handtering av ei alvorleg digital hending som rammar heile kommunen, og her får du og kollegaene øva saman. Vi kan lova at det blir eit realistisk og aktuelt scenario, der heile kommunen blir ramma.
Flytt dykk ut av Rådhuset og nytt moglegheita til å vera med på fiks ferdig øving med nyttig fagleg påfyll!
Les alt om påmelding og sjå heile programmet for dagane hos Statsforvaltaren i Vestland Lenke til et annet nettsted..
Stad: Scandic Flesland Airport hotell
Dato: 13.-14. januar 2026
Målgruppe: tilsette som er del av kommunal kriseleiing
Prisar:
Heile samling: kr 1 800,-
Éin dag: kr 750,-
Middag: kr 550,-
Vi har forhandla ein god pris på konferansehotellet Scandic Flesland Airport Lenke til et annet nettsted, åpnes i nytt vindu. på 1 090,-, som gjeld til 13. november. Les meir om rabattkode og tinging når du melder deg på Øvelse – i ein digital kvardag. Lenke til et annet nettsted, åpnes i nytt vindu.
Send ein e-post til digitalisering@bergen.kommune.no
| Ikon som illustrerer filtype | Filnavn | Filstørrelse | Datofil ble lastet opp |
|---|
Publisert
Besøksadresse
Rådhusgaten 10
5014 Bergen, Norway
Ansvarlig redaktør: Lars Longva
Daglig leder: Simen Soltvedt
Meld deg på Digivestlands nyhetsbrev