• Plan, bygg og geodata

Erfaringsdeling - Mot eit nasjonalt avtaleregister for eigedom

30.01.26 kl. 10:05 - 10:55

KS Digital inviterer til eit webinar der dei presenterer arbeidet KS Digital har teke initiativet til for å etablera eit felles, nasjonalt avtaleregister for eigedom – eit første viktig steg mot ei heilskapleg og modernisert forvaltning av eigedomsdata i kommunesektoren.

Satsinga støttar opp under målbiletet i KS’ vegkart for plan-, bygg- og geodataområdet, der heildigital samhandling, strukturert datagrunnlag og gjenbruk av data på tvers av plan, bygg, geodata og tilgrensande tenester er sentrale ambisjonar. Dette inneber at dei same, kvalitetssikra grunnlagsdataa kan brukast saumlaust i plan- og byggjesaksprosessar, tekniske tenester, eigedomsskatt, innfordring og analyse, i staden for at kvar kommune byggjer eigne løysingar og datakopiar. Dette vil også vera tett knytt til KS Digitals etablering av ei felles tenesteplattform for kommunane.

Filer tilgjengelige for nedlasting
Ikon som illustrerer filtype Filnavn Filstørrelse Datofil ble lastet opp

Publisert

Fann du det du leita etter?

Besøksadresse
Rådhusgaten 10
5014 Bergen, Norway

Ansvarlig redaktør: Lars Longva
Daglig leder: Simen Soltvedt

 

Meld deg på Digivestlands nyhetsbrev