Torsdag 19. mars kl. 08:15 - 08:55
Nesodden kommune har i over to år jobba målretta med korleis KI kan støtta kommunal saksbehandling.
Dei siste månadene er dette arbeidet ført vidare og konkretisert i eit felles prosjekt, med mål om å styrkja kvaliteten, gi saksbehandlarar betre avgjerdsgrunnlag og møta auka krav til kommunale tenester på ein berekraftig måte. Arbeidet blir gjennomført i tett samarbeid med Ikomm som digitaliseringspartnar, og byggjer på EASLEY AI-plattforma frå Netcompany.
Dette er ikkje ein pilot, men ei heilskapleg satsing der kommunen systematisk har kartlagt rundt 80 arbeidsprosessar på tvers av 17 verksemder. Arbeidet har avdekt eit tydeleg potensial for meir einsarta praksis og mindre manuelt arbeid, og har resultert i ein modell for trygg og ansvarleg bruk av KI som kan integrerast med eksisterande saks- og arkivsystem og kan gjenbrukast av andre kommunar.
I webinaret deler Nesodden kommune, Ikomm og Netcompany sine erfaringar så langt, og viser konkret:
- kvifor kommunen valde å implementera KI i saksbehandlinga
- korleis KI-løysinga blir brukt i praksis, med konkrete døme frå kvardagen
- erfaringar knytte til risiko, involvering av fagmiljø og gevinstarbeid
- korleis andre kommunar kan gjenbruka modellen i eige arbeid og unngå typiske fallgruver
| Ikon som illustrerer filtype | Filnavn | Filstørrelse | Datofil ble lastet opp |
|---|
Publisert
Besøksadresse
Rådhusgaten 10
5014 Bergen, Norway
Ansvarlig redaktør: Lars Longva
Daglig leder: Simen Soltvedt
Meld deg på Digivestlands nyhetsbrev