Temamøte desember: KS Kunnskap

08. desember kl. 12.00 - 13.00, digitalt

Om KS Kunnskap

KS Kunnskap er ei felles læringsplattform for kommunar og fylkeskommunar.

Tenesta er bygd på ei moderne og brukarvennleg Saas-løysing (Programvare as a Service), utvikla av det finske selskapet Valamis.

Kommunar og fylkeskommunar som abonnerer på KS Kunnskap, får tilgang til ein omfattande felles kurskatalog med kurs innan mellom anna legemiddelhandtering, digital tryggleik, og ei rekke andre relevante fagområde. Du kan lese meir om løysinga her. Lenke til et annet nettsted, åpnes i nytt vindu.

Om temamøta

Temamøta i DigiVestland er ein uformell arena der du kan bli kjend med nye digitale løysingar og aktuelle tema innan digital utvikling. Møta blir haldne éin gong i månaden, og kvar gong tek vi opp eitt eller fleire tema knytte til fellesløysingar, teknologi og digitalisering i kommunane.

Du får innsikt i kva løysingane er, korleis dei fungerer, og korleis kommunen din kan ta dei i bruk. Temamøta er òg ein god arena for å stille spørsmål og dele erfaringar.

Det blir ikkje gjort opptak av møta.

Kontakt

  • Malin Malin Marøy Rådgivar i sekretariatet E-post +47 40 81 92 89
Filer tilgjengelige for nedlasting
Ikon som illustrerer filtype Filnavn Filstørrelse Datofil ble lastet opp

Publisert

Fann du det du leita etter?

Besøksadresse
Rådhusgaten 10
5014 Bergen, Norway

Ansvarlig redaktør: Lars Longva
Daglig leder: Simen Soltvedt

 

Meld deg på Digivestlands nyhetsbrev