10. november kl. 12.00 - 13.00, digitalt
Målgruppe: Personar som jobbar med konsesjonssaker og matrikkelinformasjon.
Fiks konsesjon er den digitale inngangen til eigenerklæring om konsesjonsfridom og søknad om konsesjon. Den innbyggjarretta løysinga blir tilgjengeleg gjennom KS Min kommune. Tenesta gjer det mogleg å senda inn og behandla eigenerklæringar om konsesjonsfridom og søknader om konsesjon digitalt.
Fiks konsesjon skal gjera konsesjonsavklaringar raskare, enklare og meir føreseielege for innbyggjarar, eigedomsmeklarar og kommunar. Du kan lesa meir om tenesta her. Lenke til et annet nettsted.
Temamøta i DigiVestland er ein uformell arena der du kan bli kjend med nye digitale løysingar og aktuelle tema innan digital utvikling. Møta blir haldne éin gong i månaden, og kvar gong tek vi opp eitt eller fleire tema knytte til fellesløysingar, teknologi og digitalisering i kommunane.
Du får innsikt i kva løysingane er, korleis dei fungerer, og korleis kommunen din kan ta dei i bruk. Temamøta er òg ein god arena for å stille spørsmål og dele erfaringar.
Det blir ikkje gjort opptak av møta.
Malin Marøy
Rådgivar i sekretariatet
E-post
+47 40 81 92 89
| Ikon som illustrerer filtype | Filnavn | Filstørrelse | Datofil ble lastet opp |
|---|
Publisert
Besøksadresse
Rådhusgaten 10
5014 Bergen, Norway
Ansvarlig redaktør: Lars Longva
Daglig leder: Simen Soltvedt
Meld deg på Digivestlands nyhetsbrev