14. oktober kl. 12.00 - 13.00, digitalt
Målgruppe: kommunar som tilbyr ledsagerbevis, og dessutan leiarar, saksbehandlarar og andre med interesse for løysinga.
DigiVestland og KS Digital inviterer til webinar der vi viser den siste utviklinga i løysinga for KS Digitalt ledsagerbevis.
Løysinga er nå utvida med eit felles nasjonalt søknadsskjema og ei felles saksbehandlingsløysing. Dette gjer det mogleg å handtera heile prosessen, frå søknad til vedtak og utferding av ledsagerbevis, i éi samla løysing.
I webinaret går vi gjennom korleis den nye funksjonaliteten fungerer i praksis, kva han tyder for kommunane, og korleis løysinga kan takast i bruk.
Det blir òg høve til å stilla spørsmål og koma med innspel.
Velkomen!
Temamøta i DigiVestland er ein uformell arena der du kan bli kjend med nye digitale løysingar og aktuelle tema innan digital utvikling. Møta blir haldne éin gong i månaden, og kvar gong tek vi opp eitt eller fleire tema knytte til fellesløysingar, teknologi og digitalisering i kommunane.
Du får innsikt i kva løysingane er, korleis dei fungerer, og korleis kommunen din kan ta dei i bruk. Temamøta er òg ein god arena for å stille spørsmål og dele erfaringar.
Det blir ikkje gjort opptak av møta.
Malin Marøy
Rådgivar i sekretariatet
E-post
+47 40 81 92 89
| Ikon som illustrerer filtype | Filnavn | Filstørrelse | Datofil ble lastet opp |
|---|
Publisert
Besøksadresse
Rådhusgaten 10
5014 Bergen, Norway
Ansvarlig redaktør: Lars Longva
Daglig leder: Simen Soltvedt
Meld deg på Digivestlands nyhetsbrev