• E-helse

Fagwebinar ehelse - Lansering av nasjonal ressursbank for digitalt tilsyn og elektronisk medisineringsstøtte

18.september kl. 08.15 - 09.00

KS inviterer kommunar og fylkeskommunar til fagwebinar om aktivitetane på e-helseområdet. Det vil mellom anna handla om løysingar klare til bruk, kva som er smart med tanke på innføring, og viktige felles aktivitetar framover.

Lansering av nasjonal ressursbank for digitalt tilsyn og elektronisk medisineringsstøtte

KS e-helse inviterer til webinar om lansering av ein ny nasjonal ressursbank for digitalt tilsyn og elektronisk medisineringsstøtte. Ressursbanken er ei klikkbar løysing bygd på Helhetlig Tjenestemodell, med eit samla bibliotek av ressursar for operativ implementering og strategisk og politisk forankring.

Tema: Nasjonal ressursbank

Digitalt tilsyn og elektronisk medisineringsstøtte er mellom teknologiane som gir størst økonomiske og personellsparande gevinstar for kommunane. Samstundes viser erfaringar og data frå Kommunalt pasient- og brukarregister (KPR) at mange kommunar framleis har ein låg del tenestemottakarar med desse teknologiske løysingane. Potensialet for skalering og gevinstuttak er dermed framleis stort.

I dette webinaret får du innsikt i bakgrunnen for satsinga og kva den nasjonale ressursbanken inneber i praksis. Vi presenterer korleis ressursbanken er bygd opp, og korleis han kan brukast som eit konkret verktøy i arbeidet i kommunane med velferdsteknologi.

Filer tilgjengelige for nedlasting
Ikon som illustrerer filtype Filnavn Filstørrelse Datofil ble lastet opp

Publisert

Fann du det du leita etter?

Besøksadresse
Rådhusgaten 10
5014 Bergen, Norway

Ansvarlig redaktør: Lars Longva
Daglig leder: Simen Soltvedt

 

Meld deg på Digivestlands nyhetsbrev