13.oktober, kl. 13:30 - 14:30, digitalt
Målgruppe: Leiarar
Når: Tysdag 13.10.26 kl. 13:30
Føredragshaldar: Joakim Nordin, Senior sikkerheitsrådgivar frå Semac AS
Ein beredskapsplan har liten verdi dersom han aldri blir testa. Gjennom realistiske og målretta øvingar kan verksemder avdekkja svakheiter, styrkja samhandling og byggja den kompetansen som trengst når ei reell hending oppstår. I dette føredraget ser vi på kvifor beredskapsøvingar er ein kritisk del av beredskapen for verksemda, og korleis du kan planleggja, gjennomføra og evaluera øvingar som gir varig læring og forbetring.
I dette føredraget ser vi på kvifor beredskapsøvingar er ein kritisk del av den samla beredskapen for verksemda, og korleis øvingar bidreg til å omsetta planar og prosedyrar til praktisk handlekraft. Vi går gjennom dei viktigaste prinsippa for å planleggja, gjennomføra og evaluera øvingar – frå enkle diskusjonsøvingar til meir komplekse scenario- og fullskalaøvingar.
Du får innsikt i korleis tydelege læringsmål, realistiske scenario og ei strukturert evaluering kan bidra til kontinuerleg forbetring av både planar, organisasjon og beredskapsevne. Gjennom praktiske døme og konkrete råd får deltakarane verktøya dei treng for å utvikla øvingar som skaper engasjement, gir varig læring og styrkjer evna verksemda har til å handtera uønskte hendingar når det verkeleg gjeld.
| Ikon som illustrerer filtype | Filnavn | Filstørrelse | Datofil ble lastet opp |
|---|
Publisert
Besøksadresse
Rådhusgaten 10
5014 Bergen, Norway
Ansvarlig redaktør: Lars Longva
Daglig leder: Simen Soltvedt
Meld deg på Digivestlands nyhetsbrev