• klarspråk

Klarspråk 2027

Vi inviterer igjen til nasjonal klarspråkkonferanse, 13. og 14. april 2027 i Bergen. Meld deg på innan 15. januar til ekstra snill pris! Lenke til et annet nettsted.

Klarspråk 2027 er ein nasjonal møteplass for deg som jobbar med å gjere det enklare å finne, forstå og bruke offentlege tenester. Arrangørar er DigiVestland, Bergen kommune, KS og Språkrådet.

Politi, vêrvarsling og KI-krise på programmet

Bildemontasje som viser to smilende kvinner foran en vegg med politiets logo og tre portrettbilder av en kvinne og to menn. Til venstre en grønn snakkeboble ved siden av teksten Klarspråk 2027.

NOKRE AV INNLEARANE på Klarspråk 2027 – til venstre: innhaldsdesignarane Susanne Egset og Stine Grønstad Skar frå politiet. Frå høgre og nedover: professor Jørn Øyrehagen Sunde (foto: UiO), professor Jill Walker Rettberg (foto: Eivind Senneset) og seniorforskar Anders Doksæter Sivle frå Meteorologisk institutt (foto: Silje Holte Storesund).

 Her er noko av det du får sjå og høyre om på Klarspråk 2027:

  • Været vert villare og verda meir usikker. Korleis varslar og rettleier vi innbyggarane i klarspråk, til dømes gjennom vêrvarslinga og Politiloggen?
  • Språket vårt er i krise!? Er KI skurken eller den gode hjelparen? Du får åtvaringar og gode råd.
  • … og visste du at vi i Noreg har jobba med klarspråk i heile 750 år?

 

 

Samla 200 frå heile landet i 2026

Klarspråk 2027 er den fjerde i rekka og programmet bygger på tilbakemeldingar frå tidligera år. På 2026-konferansen stod mellom anna Vipps og KI på menyen.

"Veldig mange gode og engasjerande føredragshaldarar. Får meir lyst til å jobbe med klarspråk."

"Dette er den mest lærerike konferansen jeg har deltatt på – på år og dag. Takk!"

"Fantastisk konferanse som me håpar me kan få reise på fleire år!"

(sitat frå deltakarar på Klarspråk 2026)

Bildete som viser detakarane på konferansen

Full sal under Klarspråk 2026 i Bergen. Foto: Simen Soltvedt

Har du spørsmål om klarspråkkonferansen?

Send ei melding til digitalisering@bergen.kommune.no

 

Filer tilgjengelige for nedlasting
Ikon som illustrerer filtype Filnavn Filstørrelse Datofil ble lastet opp

Publisert

Fann du det du leita etter?

Besøksadresse
Rådhusgaten 10
5014 Bergen, Norway

Ansvarlig redaktør: Lars Longva
Daglig leder: Simen Soltvedt

 

Meld deg på Digivestlands nyhetsbrev